NRK Meny
Normal

Må stå over derbyet mot Brann

Eirik Bakke fekk sitt tredje gule kort mot Rosenborg. No går han glipp av storkampen mot Brann på søndag.

Eirik Bakke

MÅ STÅ OVER: Sogndal må klare seg utan kaptein Eirik Bakke i storkampen mot Brann på søndag.

Foto: Rune Fossum

Eirik Bakke fekk det gule kortet etter kampslutt, ifølgje Sogn Avis under ein diskusjon om straffesparket som enda med at Rosenborg utlikna til 1-1.

Forstår ikkje straffesparket

– Eg gav beskjed om kva eg tykte om dømminga i den situasjonen. Det er uforståeleg kvifor han dømde straffespark der, eg trur ikkje han veit det sjølv heller, tordnar Bakke overfor avisa.

Eirik Bakke starta kampen mot Rosenborg på benken, men kom på bana for Ahyee Aye Elvis i andre omgang. Sogningane tapte til slutt oppgjeret 2-1.

Må stå over årets høgdepunkt

For Bakke sin del enda kampen med dobbel nedtur, ettersom det gule kortet var det tredje for sesongen.

No må han stå over neste serierunde - og det er til alt overmål den kjensleladde kampen mot gamleklubben Brann.

Kampen mot Brann er eit oppgjer mange i Sogndal lenge har sett fram til. No må laget spele utan kapteinen med fortid i bergensklubben.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser