Hopp til innhold

Må spyle fjellsida frå helikopter

LEIRVIK (NRK): Statens Vegvesen håpar å opne fylkesveg 607 ved sentrum av Leirvik i Hyllestad i morgon ettermiddag. Det ligg att lausmassar i fjellsida og det er ikkje trygt å starte ryddearbeidet enno.

Ras i fjellet over fylkesveg 607 i Leirvik

STENGD: Vegen har vore stengd på rasstaden sidan 06-tida. Til alt hell kom ingen personar til skade i raset.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Eit helikopter spylar no fjellsida etter raset i Leirvik. Fylkesveg 607 gjennom sentrum av Leirvik blir ikkje opna att i dag, då fjellsida må sikrast før ein kan ta til med ryddearbeidet. Statens Vegvesen håpar vegen kan opnast att onsdag ettermiddag.

Prosjektleiar for driftskontraktar i Fjordane i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen, hadde like før klokka 12 akkurat snakka med geologen som har vurdert fjellsida.

– Raset har starta 100 meter over fylkesvegen. Det har teke med seg tre og rotvelter ned mot fylkesvegen. Det ligg att ein del i rasløpet ned mot vegen, seier han.

Vurderinga til geologen er at dette gjer det for utrygt til at ryddearbeidet kan starte. Vegvesenet vil heller ikkje la bilar køyre på vegen før lausmassane er fjerna.

– Geologen meiner vi må spyle ved hjelp av helikopter, seier Karlsen.

Ras stengjer veg i Leirvik

SJÅ VIDEO: Fylkesveg 607 opnar truleg ikkje før i morgon etter jord- og steinraset ved Leirvik i Hyllestad.

– Kunne gått skikkeleg gale

Politiet fekk melding om raset på fylkesveg i Leirvik like før klokka 06 tysdag morgon. Store tre og steinar sperra vegbana.

Raset har kryssa fylkesvegen før det trengde seg inn i eit lagerbygg som ligg på nedsida. Bygget er brukt av Marine Harvest og sju personar skulle på jobb der i 08-tida.

Då driftsleiar Tarjei Ringereide kom på jobb vart han skremt av synet som møtte han.

– Det her kunne gått skikkeleg gale. Det var berre flaks at raset gjekk før det var folk på plass i bygningen, seier han.

Han ringde rundt til alle kollegaene for å forsikre seg om at ingen var i bygget, og bygget vart også gjennomsøkt for å vere på den sikre sida.

Ras i Leirvik 09.08.2016
Foto: Tore Bråstad
Ras stengjer fylkesveg i Leirvik

SPYLAR FJELLSIDA: Helikopteret slepp vatn ned på dei lause massane.