Hopp til innhold

Monica må spyle bilen kvar dag - er grundig lei betongsøl i tunnel

Når trafikken vert sleppt gjennom Feiostunnelen etter betongsprøyting, vert bilane fulle av betongsøl fordi det sprutar opp frå bakken. Det er Monica Feidje Midlang grundig lei av.

Betongklattar på lakken

KLATTAR: - Eg finn slike klattar på bilen omtrent kvar einaste gong eg har køyrt gjennom tunnelen, seier Monica Feidje Midlang.

Foto: privat

– Det er heilt forferdeleg å køyre gjennom tunnelen når dei ikkje dei tek vekk betongsølet i vegen. Det er uhaldbart og det bør ikkje skje i 2014, seier Monica Feidje Midlang.

I tre månadar har folk i Feios og Fresvik levd med naudsynte stengingar av Feiostunnelen for å få gjort påkravd utbetringsarbeid.

Den vel 700 meter lange Feiostunnelen er i ferd med å bli både vass- og frostsikra. Tunnelen har vorte kledd innvendig med plater, og desse er ein no i ferd med å sprøyte med betong, for å gjere dei brannsikre.

Går unødig mykje tid

Tunnelen er stengd i periodar på inntil to timar mellom klokka 07.00 til 19.00. I løpet av dagen er tunnelen open for gjennomkøyring i mindre periodar på 30–60 minutt.

Midlang meiner duken som ligg på vegen, og som er full av betongsøl, burde vore fjerna før bilane vert sleppte gjennom. Sjølv pendlar ho mellom Feios og Vik dagleg, og har teke forholdsreglar for å ikkje få øydelagt lakken på bilen sin.

– Eg har kvit bil og det syner godt kva som kjem på han. Men det er ein stor fordel, for då ser eg kor gale det vert. Eg tykkjer meir synd på dei som

Betong på lakken

RU: - Heile lakken vert ru når det er betongsøl på, seier Midlang.

Foto: privat

kanskje ikkje ser kor gale det er før det har størkna og blir vanskeleg å fjerne, seier Midlang.

Ho legg til at det har vore mykje ekstraarbeid.

– Det har omtrent ikkje gått ein dag utan at eg har spylt av bilen etter at eg har køyrt tunnelen. Det er kjedeleg, for det går mykje unødig tid, seier Midlang.

Meiner duken burde vore fjerna

Ho har ikkje teke sjansen på å la vere å spyle.

– Lakken blir ganske ru når den får betong på. Og betong har ikkje noko på lakken å gjere, det er jo eit etsande stoff, seier Midlang.

Ho har kontakta Vegvesenet for å klage på dette, men har ikkje fått noko svar.

– Eg veit det er andre som har gjort det same. Men vi har ikkje fått svar på om det kunne vore gjort på anna vis, seier Midlang.

Ho stiller spørsmål ved om ein kunne ha fjerna duken før bilane vert sleppte gjennom.

– Når denne jobben skal gjerast på dagtid, så burde dei ta seg tid til å ta vekk duken som ligg på asfalten, og som er full av betongsladd. Det blir ikkje gjort, seier Midlang.

Ho hadde helst sett at arbeidet hadde vorte gjort på nattetid.

– Det som vert sagt er at det ville koste for mykje å gjere det på nattetid. Men då hadde dei iallfall fått jobba i fred, seier Midlang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Monica er glad ho har kvit bil

SYNEST GODT: - Eg er i grunnen glad for at eg har kvit bil, for då får eg sett kor flekkene er, og får fjerna dei før dei set seg skikkeleg fast, seier Monica Feidje Midlang.

Foto: privat

Ungane har måtte droppe fritidsaktivitetar

Ho legg ikkje skjul på at det har vore ei krevjande tid som pendlar når vegen inn og ut av bygda er stengd i to-timarsintervall.

– Det krev mykje planlegging, og for vår del har det gått ut over fritidsaktivitetane til borna. Det let seg rett og slett ikkje gjere å få det til, seier Midlang.

Ho peikar på at mange i Feios og Fresvik pendlar ut av bygda, i tillegg til at det er mange som pendlar inn til bygdene, både til Fresvik produkt, sjukeheim og skular.

– Stenginga går ut over alle. Det er samfunn her inne i Feios og Fresvik som skal fungere og leve også, og til no i haust har ikkje det vore ei enkel sak, seier Midlang.

Ville helst ha det gjort på nattetid

Leiar i Feios bygdelag, Terje Harbakk, kontakta Vegvesenet allereie før stenginga av Feiostunnelen var starta. Nettopp med tanke på kva ulemper stenginga og arbeidet ville påføre bygdefolket.

– Vi bad dei om å ta arbeidet på nattetid. Dette er jo tunnelarbeid, så det er det same for dei om det er lyst eller mørkt ute, seier Harbakk.

Men bygdelaget fekk ikkje noko svar, berre ein kopi av vegmeldingane til Vegvesenet med opplysningar om stengjetidene.

– Stenginga skapar problem for dei fleste. Fritidsaktivitetar skjer stort sett i Vik, så det blir eit ekstra problem, seier Harbakk.

Pliktar å halde tunnelen køyrbar

Svein Rune Vie i Statens vegvesen er byggjeleiar på Feiostunnelen, og har forståing for at folk kjenner det røyner på med tunnelstengingar over lang tid.

– Alt arbeid i tunnel medfører venting. Vi har ein del tungt utstyr som skal inn å jobbe, og då må vi ha det stengt i periodar for å få gjort noko, seier Vie.

Men at bilistar vert plaga med betongsøl på bilane sine, skal ikkje skje.

– Når entreprenøren gjer eit stykke jobb, så blir det litt søl i tunnelen. Men dei er pliktige til å halde tunnelen køyrbar når den er open for trafikk, seier Vie.

Han legg til at det då skal vere råd å køyre gjennom tunnelen utan stor møde.

– Dei må rydde opp etter seg slik at det ikkje medfører store ulemper for trafikantane. Dei har plikt på seg til å rydde, seier Vie.

– Når trafikantane må spyle bilane sine etter å ha køyrt der, er det då rydda godt nok?

– Noko støv må ein rekne med. Men viss det er snakk om at det legg seg betong på bilen, så er det vel mykje. Men når du køyrer gjennom eit anleggsområde, så vil du få skiten bil, seier Vie.

Men han legg til at det ikkje skal hengje att betong på bilen.

Skal stå ferdig i februar

Å gjere jobben i Feiostunnelen på nattetid, har ein ikkje kunne tilrå i Vegvesenet.

– Slik som vi har vurdert det, med tanke på trafikkgrunnlag, kostnad og budsjetta våre, så tek vi det på dagtid, seier Vie.

Han peikar på at det verste no er gjort.

– Det som går på betongspruting og totimarsstenging skal vi vere ferdige med i slutten av neste veke, seier Vie.

Deretter skal tunnelen få nytt lysanlegg, og det arbeidet skal gjerast over nyttår.

– Eg vil tru det blir litt mindre kontroversielt, både når det gjeld støv, skit og stenging. Entreprenøren har lova meir kolonnekøyring og mindre stenging, seier Vie, som legg til at det då nærmar seg tidspunktet der tunnelen er ferdig.

– Viss alt går etter planen er vi ferdige i starten av februar, seier Vie.