Hopp til innhold

Må sone for køyretur han knapt hugsa sjølv

Mannen bøtta ned på med øl og tequila før han sette seg bak rattet på bubilen. No må mannen 30 dagar bak murane.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Det var ein angrande syndar som måtte svare for promilleturen i fjor haust.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 30-åra må i tillegg betale 9 000 kroner i bot og over 17 000 kroner i erstatning til bubileigaren etter tjuveriet og promilleturen ei haustnatt i fjor.

Seks til sju kilometer

Det var ein angrande syndar som møtte i Fjordane tingrett. For sjølv om han ikkje hugsa mykje sjølv frå den aktuelle køyreturen i Stryn, erkjende han straffskuld.

Ei måling gjort to timar etter køyreturen viste ein promille på 1,87.

Retten og påtalemakta meinte dermed at mannen hadde ein promille på nær to under den mellom seks og sju meter lange køyreturen.

Fuktig natt

Mannen forklara at han konsumerte store mengder tequila og øl på eit vorspiel, før han stal bubilen. I bilen vart det også funne ei tom vodkaflaske. Turen med den 3 500 kilo tunge bubilen gjekk gjennom delvis tettbygd strok.

Vitne tipsa politiet om risikofylt og mistenkjeleg køyring. Mellom anna var innstigningstrappa framleis ute. Mannen vart kort tid etter pågripen av politiet.

– Det står fram som tilfeldig at køyringa ikkje fekk alvorlegare følgjer, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Frådømt førarretten

Medan bilbrukstjuveriet isolert sett kvalifiserte til fengsel på vilkår og bot, fann retten fleire skjerpande omstende ved køyringa som åleine kvalifiserte for fengsel i kring 30 dagar. Skadepotensialet var stort.

På same tid fann retten det formildande at mannen viste oppriktig anger. Han har bede bubileigaren om unnskyldning, og påteke seg å erstatte vedkommande sine utgifter med saka.

Mannen vart frådømt retten til å ha førarkort i tre år.