Hopp til innhold

Må sone eitt år for å ha kjøpt og seld amfetamin av «gjennomgåande dårleg kvalitet»

– Vi er godt nøgde og ser ingen grunn til å anke.

Søre sunnmøre tingrett

ERKJENDE: Det var stort sprik mellom erkjenninga og tiltalen i narkosaka mot sunnmøringen. Den tiltalte fekk medhald.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det seier forsvararen til sunnmøringen som er dømd til fengsel i eitt år for kjøp og sal av amfetamin.

Erling Flisnes

NØGD: Forsvarar Erling Flisnes prosederte på at mannen skulle bli vurdert på mildaste måte. Han fekk medhald.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Saka handla om ein ting: kvantum. Der fekk ikkje påtalemakta medhald i sine synspunkt. Retten har i vesentleg grad lagt tiltalte si tilståing og forklaring til grunn, legg advokat Erling Flisnes til.

Kom med Hurtigruten

For politiet bad Søre Sunnmøre tingrett dømme mannen til fengsel i to år og fire månader for kjøp av til saman 1,3 kilo amfetamin og ein liter GHB . Politiadvokat Arne Roti prosederte på at sunnmøringen hadde vidaresend alt eller delar av dette.

Blant kjøparane var fleire frå Sogn og Fjordane. Ein av kjøparane, ein sunnfjording i 40-åra, vart i sommar dømd til fengsel i 75 dagar og 25.500 kroner i bot for kjøp og bruk av narkotika i tillegg til å ha køyrt bil i rusa tilstand.

Sunnmøringen pågripen då han kom til Måløy med Hurtigruten frå Bergen . Då hadde mannen med seg 265 gram amfetamin i bagasjen, 11.000 kroner og fleire SIM-kort som politiet nøsta vidare på.

Etterlyser bevis

Sunnmøringen erkjende kjøp av totalt 442 gram amfetamin og sal av 37 gram. Det er vesentleg lågare enn påtalemakta meinte å kunne rekne seg fram til.

Retten ikkje fann det tilstrekkeleg å basere tiltalen på utrekningar av kor mykje narkotika mannen kunne ha kjøpt for pengane han disponerte. Sorenskrivar Elisabeth Wiik etterlyste konkrete bevis for å knyte mannen til kjøp og sal av amfetamin og GHB.

Retten fann bevist at mannen kjøpte 502 gram amfetamin og selde 97 gram. Han vart frifunnen for å ha kjøpt og seld GHB.

– Dårleg kvalitet

Seks vitne meinte at sunnmøringen selde amfetamin av gjennomgåande dårleg kvalitet. Analysar viste ein styrkegrad på 16 prosent. Det er fem prosent lågare enn styrken som Kripos reknar som normal.

Mannen vart i juli i fjor dømd til fengsel 45 dagar på vilkår for heleri og oppbevaring av ei mindre mengd heroin, amfetamin og marihuana.

Dommen i Søre Sunnmøre tingrett er ein fellesdom med denne.

Fekk strafferabatt

På grunn av tilståinga, og fordi at saka har hatt sju-åtte månader liggetid hos politiet og i rettssystemet, fekk mannen to månadar frådrag i straffa.

– Tiltalte har drive med spreiing av vanedannande og sterkt helsefarlege narkotiske stoff. Dette tilseier ein streng reaksjon, skriv sorenskrivar Wiik.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem 141 dagar i varetekt. Påstanden om beslag av pengane han hadde med seg til Måløy vart ikkje teken til følgje. Politiet meinte pengane var bestemt brukt til ei straffbar handling.

Retten viser til at mannen var på veg heim etter å ha gjennomført ei straffbar handling.