Hopp til innhold

Bakke må sjå kampen frå sidelinja

Sogndal møter Vålerenga på Fosshaugane utan Eirik Bakke idag. - Det blir eit sakn.

Eirik Bakke varmar opp
Foto: Rune Fossum / NRK

FØLG MED PÅ SOGNDAL-VÅLERENGA HER

Det er klart for eit spanande Tippeliga- oppgjer på Fosshaugane Campus i kveld. Det som før sesongen var spådd til å vere ein kamp mellom David og Goliat er no blitt ein kamp mellom to lag som ligg jamnt på tabellen.

  • SJÅ LAGOPPSTILLINGANE NEDERST I SAKA.

Men Sogndal- kaptein Eirik Bakke må sjå lagkameratane spele frå sidelinja, grunna plager i kneet.

- Det blir eit sakn. Eirik er rutina i laget og mentor, seier assistenttrenar Håvard Flo.

- Tøff kamp

Håvard Flo

Assistenttrenar Håvard Flo trur kampen mot Vålerenga blir tøff.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK


Idag kjem Vålerenga til Fosshaugane for første gong på sju år. Dei har spelt dei seks siste seriekampane utan siger, og ligg jamnt med Sogndal på tabellen. Sogndal er optimistiske, etter å ha nedkjempa både Stabæk og Lillestrøm.

- Det blir ein tøff kamp. Vi skal vere gjerrige, men offensive når vi har moglegheit. Enga er ein god motstandar og har ikkje prestert så godt som eg meiner dei har kapasitet til i det siste. seier Flo.

Skal heie høgst


Vålerenga sin supportarklubb er av dei største i landet, men Saftkokaradn i Sogndal meiner likevel dei skal klare å overdøve heiaropa frå motstandarane.

- Idag må vi fylle stadion. Det er viktig for Sogndal at heile fylket støttar opp. Eg trur ikkje det kjem så mange Vålerenga- supporterar, seier Geir Frode Lunden, som leiar Saftkokar-gjengen.

Han meiner gode resultat for Sogndal i det siste gjev grunn til optimisme for dagens kamp.

- Eg håpar den gode trenden held fram. Dessutan har Vålerenga slitt dei siste kampane.

Enga utan Hæstad

Kristoffer Hæstad

Vålerenga stiller utan kaptein Kristoffer Hæstad idag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix


Vålerenga manglar også ein av sine beste spelarar. Kaptein Kristoffer Hæstad slit med lysken.

- Vi vil ikkje ta nokre sjansar med Kristoffer. Etter kampen mot Sogndal er det ferie og eigentrening. Vi vurderer at det er betre at han bruker denne perioden til å bli frisk framfor å risikere tilbakefall i kampen mot Sogndal, seier medisinsk koordinator i Vålerenga Fotball, Eirik Bjærke.

Sogndal: Nils Kenneth Udjus, Mats Goberg Solheim, Isak Scheel, Even Hovland, Per Egil Flo, Barry Kader, Ahyee Aye Elvis, Henrik Luggenes Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Espen Olsen, Cato Hansen.

Benken: Joseph. T. Bendik, Ulrik Flo, Joakim Rudolfsen, Ørjan Hopen, Thomas Eriksen Ness, Espen Næss Lund, Vegar Heggenes Gjermundstad.

Vålerenga: Lars Hirschfeld, Fredrik Stoor, Freddy Dos Santos, André Muri, Stefan Strandberg, Andreas Nordvik, Mohammed Fellah, Harmeet Singh, Fegor Ogude, Håvard Nielsen, Bojan Sajic.

Benken: Gudmund Taksdal Kongsvhavn, Aleksander Solli, Dawda Leigh, Adnan Heidar, Sidoine Oussou.