Hopp til innhold

Retten meiner mannen manglar evne og vilje til å late vere å bryte lova

Mannen i 30-åra som i går vart pågripen med tjuvegods i Jølster, blir varetektsfengsla i fire veker.

Bilen til tjuveribande

HEILT PÅ FELGEN: Då denne bilen vart stoppa på E39 ved Vassenden i Jølster

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Mannen i 30-åra var saman med ei kvinne i 40-åra då han natt til fredag vart pågripen av politiet på Vassenden i Jølster. Dei to kom køyrande på E39 i ein etterlyst bil med punktert dekk, noko som fekk bilisten bak til å reagere.

I bilen fann politiet det dei meiner er tjuvegods som kan stamme frå innbrot fleire stader i fylket. Mannen var svært rusa då han vart pågripen, og er ein såkalla kjenning av politiet.

Politiet opplyste til NRK i går at bilen dei to blei stoppa i har vore brukt på fleire turar rundt om kring i fylket, og meiner dei to i bilen kan setjast i samanheng med fleire tjuveri.

Sikta for fleire forhold

Politiet meiner mannen kan kome til å prøve å øydeleggje bevis og gjere fleire brotsverk, og bad difor Sogn og Fjordane tingrett om lov til å varetektsfengsle han i fire veker, noko retten har gjeve dei medhald i.

I grunngjevinga viser tingretten til at mannen er sikta for ei rekkje forhold. Blant anna tjuveri av ein lift til ein verdi av 100.000 kroner frå Vadheim, og eit innbrot på Rutledal ferjekai i løpet av sist helg.

Mannen må også svare for ei sikting som gjeld oppbevaring av nær 100 narkotiske tablettar av typen Rivotril. Desse hadde han i lomma då han vart pågripen. Den sikta mannen har også erkjent at han har brukt av tablettane.

I tillegg legg tingretten vekt på at mannen er straffa ei rekkje gonger for køyring utan førarkort, og køyring i rusa tilstand. Tingretten meiner dette viser at mannen over lengre tid har gitt blaffen i vegtrafikklova.

Bilen til tjuveribande

TJUVGODS: Den eine framdekket på bilen var i svært dårleg forfatning då politiet stoppa den. Inni bilen fann dei gjenstandar som dei meiner stammar frå tjuveri og innbrot fleire stader.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

«Siktede er gjengangerkriminell»

Mannen blir av Sogn og Fjordane tingrett skildra som ein gjengangarkriminell, som frå før er domfelt ti gonger. Han skulle etter planen i retten over helga, då for fleire andre forhold.

I fengslingskjennelsen skriv tingretten vidare at han i den noverande situasjonen verkar å mangle evne og vilje til å late vere å bryte lova.

Retten meiner mannen vil trenge lang tid med behandling og oppfølging for å kome ut av rusmisbruket. Mannen sjølv meiner det ikkje vil hjelpe han å bli sett i varetekt, fordi det er mykje rus i fengsla, noko retten forstår han på.

Samtidig meiner retten at livssituasjonen hans, der han har tett omgang med andre i rusmiljøet, gjer at ei fengsling der han får forsvarleg helsehjelp er ei betre løysing.

Politiet har ikkje bede om varetektsfengsling av kvinna som mannen var saman med då han vart pågripen i går.