Hopp til innhold

Mann sikta for vald, truslar og tvang – har sete varetektsfengsla sidan 14. mai

Ein mann i 20-åra må sitje nye åtte veker i varetekt i det politiet meiner er ei alvorleg vald- og trusselsak. – Den avgjerda blir anka, seier forsvarar Ivar Blikra.

rettsal

FORLENGA: Fjordane tingrett gav Sogn og Fjordane politidistrikt medhald i åtte veker forlenga varetektsfengsling for den sikta mannen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen vart første gong framstilt for varetektsfengsling 14. mai.

Tysdag gav Fjordane tingrett politiadvokat Inger Beth Fosse medhald i at mannen skal sitje ytterlegare åtte veker.

Inger Beth Fosse

POLITIADVOKAT: Inger Beth Fosse og politiet meiner den sikta mannen har påført ein person i nær relasjon alvorleg personskade.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Under særskilde omstende kan vi krevje åtte veker, og dei særskilde omstenda meiner vi ligg til grunn i denne saka, seier Fosse til NRK.no.

Vald i nære relasjonar

Politiet har sikta mannen for brot på straffelovas paragraf 219 andre ledd, som går på grov mishandling eller vald i nære relasjonar, der fornærma får betydeleg skade på lekam og helse. Strafferamma er fengsel i inntil seks år.

Politiet har også sikta han for trussel, tvang og lekamskrenking mot andre personar.

– Dette er ei sak vi ser alvorleg på. Så langt meiner vi det er tale om åtte fornærma personar. Vi ser ikkje vekk ifrå at siktinga kan bli utvida, seier Fosse.

Ankar avgjerda

Ivar Blikra

FORSVARAR: Advokat Ivar Blikra seier den sikta mannen vil anke rettsavgjerda frå Fjordane tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Politiadvokaten bad Fjordane tingrett om åtte nye veker i varetekt, då med grunnlag i gjentakingsfare og fare for å øydeleggje bevis i saka.

– Den avgjerda blir anka til Gulating lagmannsrett. Vi er usamde i rettens vurdering av gjentakingsfaren, seier forsvarar Ivar Blikra, som ikkje har ytterlegare kommentarar til saka.

Hovudforhandling er allereie førehandsberamma til nærare jul.

Avdekka fleire punkt

Saka har allereie vore til Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men vart returnert Sogn og Fjordane politidistrikt med beskjed om å gjere ytterlegare etterforsking.

Fosse håpar å få sendt saka over til ny påtale om kort tid. Saka starta som ei valdssak i nære relasjonar.

– Etter kvart som etterforskinga har gått fram, så har ein funne grunn til å utvide siktinga til å gjelde fleire tilfelle av lekamskrenking og truslar, seier politiadvokat Fosse.