Hopp til innhold

Må sitje i varetekt etter brot på besøksforbod

Ein mann i 20-åra som for tida er busett i Sogn må sitje to veker i varetekt etter at han i helga vart pågripen av politiet.

Mannen er sikta for fleire brot på eit besøksforbod, og for vald og omsynslaus åtferd.

Då saka om varetektsfengsling var oppe gjorde retten det klart at dei meiner oppførselen til mannen har eskalert frå vinteren 2016 og fram til no.

Politiet meiner det er fare for at han vil gjere fleire liknande lovbrot om han ikkje blir fengsla.

Mannen har fått forbod mot å ta kontakt med ein kvinneleg tilsett i kommunen, men han har trass i dette ringt henne.

Barberblad

Mannen i 20-åra har også truga ein annan person med barberblad eller kniv, og slått til han med ein stein.

Politiet bad om varetektsfengsling i fire veker.

– Vi er nøgde med at retten gjekk inn for fengsling, seier politiadvokat Cathrine Schjelderup.

Retten kom fram til at mannen ikkje kan varetektsfengslast i meir enn to veker.