NRK Meny
Normal

Må sende bladet til Balestrand for at alle i Høyanger skal få det

For at alle i Høyanger skal få det lokale kyrkjebladet levert i postkassa må bladet også delast ut i nabokommunen Balestrand. Optimalt, meiner Posten. Absurd, seier ordføraren.

Karin Brita Grodås, Bjørnar Otterstein, Rune Matsui-Li.

FRUSTRERTE: F.v. sekretær Karin Brita Grodås, kyrkjeverje Bjørnar Otterstein og prest Rune Matsui-Li.

Foto: May Britt Eide

Kyrkjeverje Bjørnar Otterstein i Høyanger er frustrert over Posten, skriv lokalavisa Ytre Sogn.

Når dei skal sende ut informasjonsbladet «Helgestunder» til alle husstandar i Høyanger kommune, må delar av nabokommunen Balestrand også få det. Posten vil nemleg ikkje dele ruta opp kommunevis, skriv Ytre Sogn.

– Delar av Høyanger sentrum kjem no inn under Nessane bodrute, som går heilt inn til Balestrand. Det betyr at skal vi sende informasjonsmateriell til alle husstandane i Høyanger, får vi ikkje gjort det utan å sende det til heile ruta, også til dei som bur utanfor kommunen, seier Otterstein.

Auka kostnader

Han er fortvila og irritert over situasjonen. For sjølvsagt må han betale for heile ruta.

– Dersom vi skal fulldistribuere til heile bodruta må vi auke opplaget frå dagens 2000 til også å gjelde dei som bur innover til Balestrand. Det vil gje auka kostnadar, seier Otterstein.

Han meiner han møter lita forståing hjå Posten, og pressesjef John Eckhoff i Posten gjer det ikkje betre når Ytre Sogn ringer.

– Oppgåva vår er å drive effektiv distribusjon av post og pakker, noko vi har jobba for å optimalisere over fleire år. Ja, det inneber at vi må ha bodruter som går på tvers av kommunegrenser. Men dei aller fleste gongene er det likevel kundane som kjem best ut, seier Eckhoff til avisa.

Ordførar Petter Sortland, derimot, kallar situasjonen «heilt absurd».

– Eg må vedgå at eg først ikkje trudde på det. Om Posten skal vere så stivbeinte som dette, må eg seie at eg er glad for at monopolet deira er oppheva, seier Sortland.

B-post

Han meiner kommunen vil møte dei same utfordringane som kyrkjekontoret når dei skal ut med informasjon til alle innbyggarane.

– Oppmodinga mi til Posten må vere at dei no brukar sunn fornuft, slik at det igjen blir mogleg å fulldistribuere innan ein og same kommune, seier Sortland.

Pressesjef Eckhoff vil ikkje vere med på å kalle det absurd, og på spørsmål om Posten ikkje kan vere fleksible, seier han at fleksibilitet også har sin pris.

– Men det finst andre løysingar, som B-post, forklarar Eckhoff, og rår kyrkjeverja til å gå i dialog med Posten igjen for å få til ein avtale via B-post.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.