Steinar må selge eigendelar på Finn for å betale restskatt

Steinar Slåtten (27) frå Førde fekk seg ei overrasking då han såg dei raude tala. No har han rydda veggane i håp om å samle inn nokre kroner.

Steinar slåtten

FINREKNA: Steinar Slåtten var ein av dei som finrekna på skatten og trudde han skulle stå igjen på krona. Diverre for 27-åringen bomma han med 21 000 kroner.

Foto: Facebook, Steinar Slåtten

– Dette er verkeleg det motsette av å vinne i lotto.

Slåtten trudde han gjekk i null, og fekk klump i halsen då 21 000,- stod til innkrevjing i sjølvmeldinga.

– Eg kjende det godt i magen då eg skrolla nedover i meldinga og leste "å betale".

Kjøpte bileta av skattepengar

27-åringen bur for tida på Kleppestø, og jobbar i Nordialog, som driv med kommunikasjonsløysingar i bedriftsmarknaden.

Bileta han sel på Finn kjøpte han for pengane han fekk igjen på skatten i fjor. Han har ei stor interesse for denne typen biletkunst, så det er trist å selje bileta.

Annonse

DYREBARE: Slåtten kan få inn meir enn nok pengar til å betale restskatten om han får seld desse bileta.

Foto: Finn.no

– Men nokre av dei er modne for utskifting. Eg har ikkje lagt ut alle bileta. Når eg har fått betalt restskatten kan eg behalde resten.

– Er du avhengig av å få seld bileta for å betale restskatten?

– Ikkje dønn avhengig, men det går hardt utover den økonomiske fridomen.

Angrar på finrekning

– Eg var ein av dei luringane som finrekna på skatten og trudde eg skulle stå igjen på krona, seier 27-åringen.

Han fortel at restskatten halvvegs kan skuldast at han bomma på renta, og halvvegs sine inkompetante reknekunnskapar.

– Hadde eg heldt meg til ein heilt vanleg tabell ville dette gått heilt fint, seier Slåtten.

Eg var ein av dei luringane som hadde finrekna på skatten og trudde eg skulle stå igjen på krona.

Steinar Slåtten

Han synest det er surt å vere blant dei 20 prosentane som må betale restskatt i år.

– Og det er meir pengar enn at eg kan tenke "ja ja". Det var nesten som eg måtte revurdere ferieplanane.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.