Må seie opp tilsette

Sogndal folkehøgskule har så dårlege søkjartal i år at dei må seie opp tilsette.

 

Sogndal Folkehøgskule
Foto: NRK

Så langt er ei og ei halv stilling blitt fjerna. Berre 42 elevar har sagt ja til plass ved skulen, som har over 80 internatplassar. Rektor May Evy Bakken har aldri opplevd så dårlege tider før.

 

- Har ikkje anna val

Medan dei andre folkehøgskulane i fylket har auke eller stabile søkjartal, går det altså dramatisk nedover for Sogndal folkehøgskule. Rektor May Evy Bakken seier at halvfull skule betyr nærare 800.000 kroner mindre i statstilskot. Dermed har dei ikkje noko anna val enn å seie opp folk, fortel Bakken.

Forseinka effekt av drapet

Bakken trudde skulen skulle få nedgangen i fjor, året etter drapet på folkehøgskuleeleven Hedda Karterudseter. Denne konsekvensen ser ein kanskje først no, trur Bakken.