Hopp til innhold

Dette må vekk før tusenvis av turistar kan ta turen til den majestetiske dalen

I løpet av vinteren har det gått eit større ras langs den populære turstien i Aurlandsdalen. Det er ikkje heilt uvanleg, men i år må det ei skikkeleg opprydding til før folk kan leggje ut på tur.

Steinras i Rauskreda i Aurlandsdalen

RAS: Dette raset i området ved Rauskreda må ryddast før turglade kan ta turen gjennom Aurlandsdalen denne våren og sommaren.

Foto: Noralv Distad

Fotturen gjennom Aurlandsdalen ligg på topp ti over fotturar i Norge, og kvart år legg mellom 10.000 og 15.000 menneske turen gjennom det majestetiske landskapet.

Men med ein sti midt mellom stupbratte fjellsider viser også naturen sine krefter her. Denne vinteren har naturkreftene gjort ekstra stor skade og kommunen set no i gang opprydding.

– No er det viktig for oss at vi får rydda stien til folk vil gå her. Allereie frå 1. mai byrjar dei aller første å gå oppover frå Vassbygdi til Sinjarheimen, og ein månad seinare byrjar folk gå frå Østerbø og nedover, seier Aurland-ordførar Noralv Distad.

– Ein av dei flottaste turane

Turen gjennom Aurlandsdalen blir av mange skildra som den finaste du kan gå her til lands. Med stupbratte fjell på kvar side snor dalen seg nedover langs Aurlandselva. Undervegs går du forbi fleire nedlagde gardar og gamle stølar, og du kjem svært tett på naturen.

Som reisemål er Aurlandsdalen svært viktig for Aurland kommune, og ordføraren seier dei difor glatt legg pengar på bordet for å halde stien ved like.

– Aurlandsdalen er noko vi absolutt satsar på, seier Noralv Distad (H).

- Dette er ein av dei flottaste turane du kan gå, og vi tilbyr her ei stor oppleving for folk. I tillegg har Aurlandsdalen stor økonomisk betydning for oss. Det er fleire turistbedrifter oppe i dalen, og også nede i Aurland som nyt godt av at det er mange som tek turen hit, seier ordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras ved Rauskreda i Aurlandsdalen

MASKINER: Det kan bli aktuelt å fly inn maskiner for å få rydda vekk raset som har gått over stien.

Foto: Noralv Distad

Steinras har øydelagt stien

Og denne våren må kommunen opne lommeboka. I løpet av vinteren har det nemleg gått eit større ras i området ved Rauskreda, eit lite stykke innover dalen frå Vassbygdi.

– Det har starta som eit steinras, og så har det gått over til ein kombinasjon av stein- og jordras med ei lenge på mellom 50 og 100 meter, seier Distad som sjølv har vore i område for å ta øydeleggingane i augesyn.

Han seier det her må til ein god del ryddearbeid før tursesongen tek til.

– Vi må ha folk opp i området som kan sjå det nærare an, og dei må ha med seg skikkeleg utstyr. Det er ein del jobb å få vekk steinen og lage til att stien, seier Distad.

Det kan bli aktuelt å fly inn maskiner, men kor vidt det er nødvendig kan ikkje ordføraren svare på enno.

Rosar frivillig innsats

At det går ras langs stien i Aurlandsdalen er ikkje noko nytt, og kvart einaste år blir det lagt ned timevis med innsats for å halde stien ved like.

Ordføraren er full av lovord om dei mange bidragsytarane som er med på det arbeidet.

– Det blir lagt ned ein enorm stor frivillig innsats når det gjeld rydding langs stien og bruene.

– Det er krevjande for oss som kommune å halde dette ved like, men vi samarbeider med både bedrifter, kraftutbyggjarar, ECO og venneforeininga for Aurlandsdalen, seier Distad og legg til at dei som kommune tek på seg ansvaret for store ryddeprosjekt som det dei må til med denne våren.

Aurlandsdalen

POPULÆR: Mellom 10.000 og 15.000 personar tek kvart år turen gjennom det majestetiske landskapet i Aurlandsdalen.

Foto: Anna Gytri / NRK