NRK Meny
Normal

Må ruste opp vrak for millionar

Reiarlaget Carisma i Måløy må bruke mange millionar på å ruste opp ein båt som skal hoggast opp.

 

Arild Aarvik
Foto: MMSfoto: Erlend Blaalid Oldeide

Dei ville flytte kvotane frå ein oppbrend båt over på andre farty. Men før dei får flytte kvotar, må dei ha ein båt som er i stand til å drive fiskeri. Dagleg leiar, Arild Aarvik, er forferda.

- Eg tykkje dette er meiningslaust. Det må vere mogleg å sjå forbi desse stivbeinte paragrafane, seier han.

Oppgitt

Dagleg leiar Arild Aarvik i reiarlaget Carisma er oppgitt. Han ønskjer å flytte kvotane frå den oppbrende linebåten Vestkapp over til andre båtar i reiarlaget. Men regelverket stoggar dette sidan kvoter berre kan overførast frå fiskebåtar som kunne vore i drift.

 - Meiningslause reglar

Soria Moria
Foto: MMSfoto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For å flytte kvotane, er det samtidig ein føresetnad at båten som kvotane høyrer til blir kondemnert, eller øydelagt. No må reiarlaget skaffe seg ny båt, ruste han opp til å bli fiskeklar og så hogge han opp. Først då kan Vestkapp-kvoten nyttast. Meiningslause reglar, meiner reiaren.

- Vi hadde ein båt som brann opp og som vi vel å ikkje byggje opp igjen. Vi har mest lyst å fordele denne kvoten over på andre båtar, seier han. 

Rigide reglar

Men det opnar ikkje regelverket for. Så reiarlaget har no kjøpt eit vrak frå Danmark som dei må ruste opp for fleire millionar, for å få lov til å hogge den opp. Statssekretær i Fiskeridepartementet, Vidar Ulriksen, er einig i at reglane kan vere rigide.

- Ein kan nok seie at det er stivbeint, men dei har helde seg til reglane som er, seier han.

- Må tenkje fornuftig

Departementet har no sett ned eit utval som skal vurdere dette regelverket. Dei har frist på seg 15. august. Aarvik må likevel ruste opp vraket frå Danmark. Men han håpar på ei oppmjuking.

- Uansett kva slags lovar og reglar som gjeld, så har dei ei hensikt. Men like fullt må det vere lov å tenke fornuftig i ein del enkeltsaker, meiner han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser