NRK Meny

Må rekne med meir ekstremvêr

Kommunane i Sogn og Fjordane vil i framtida få større utfordringar med flaum, skred, ekstremnedbør, overvatn og havnivå som stig. Det viser den nye klimaprofilen for fylket som blir overlevert fylkesutvalet i dag. Rapporten tek til orde for at bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i god nok avstand frå bekkar og elvar. Klimaprofilen er utarbeidd av Norsk Klimaservicesenter, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE og UNI Research.