Hopp til innhold

Må reise i timevis og overnatte for å køyre opp

KrF fryktar regjeringa vil gjere det vanskelegare å ta sertifikat på bygda.

Marius Kupen Skram

VIL KØYRE: Marius Kupen Skram har lastebillappen, men vurderer å utvide.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Regjeringa vil effektivisere vegvesenet, det kan bety nedlegging av fleire av dei 75 trafikkstasjonane til Statens vegvesen kringom i landet.

Mats Rohit Sandal Frantzen

OPPGITT: Mats Rohit Sandal Frantzen i Team Trafikk i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Utan trafikkstasjon vil det bli mykje vanskelegare å ta lappen. Ungdomen kan bli tvinga til å nærmast flytte vekk for å ta førarkortet, seier køyrelærar i Måløy, Mats Rohit Sandal Frantzen i Team trafikk.

Elevane i Måløy køyrer vanlegvis opp til personbillappen ved trafikkstasjonen på Nordfjordeid, 45 minutt unna. Men alt no har trafikkskulen merka sentralisering. Tungbiloppkøyringa vart i sommar flytta frå Nordfjordeid til Førde.

Det betyr 5 timar å køyre tur/retur Førde. 25 mil bak rattet, to ferjereiser og mogleg overnatting for lærar og elevar.

Marius Kupen Skram har planar om å utvide sertifikatet til vogntoglappen, CE. Det er blitt vanskeleg.

– Det blir mykje dyrare for min del. Det kan ta fleire dagar ekstra, seier Kupen Skram.

Vurderer å legge ned trafikkstasjonar

I vinter bestilte Finansdepartementet og Samferdsledepartementet ein konsulentrapport frå Capgemini. Oppdraget var å vurdere effektivisering av:

  • Tenestestrukturen/tenestetilbodet på trafikant- og køyretøyområdet
  • Støttefunksjonar gjennom etatsfelles løysningar

Rapporten er ferdig, men departementet nektar innsyn. Regjeringa seier konklusjonen kjem i framlegget til statsbudsjett, og vil ikkje seie noko meir om saka.

Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) fryktar nedleggingar av trafikkstasjonar:

Tore Storehaug

PÅ VAKT: Tore Storehaug (Krf)

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Det er stadig snakk om å effektivisere, men den kostnaden som staten sparar inn på å ikkje vere til stades i mange lokalsamfunn går utover dei som skal bruke desse tenestene. Dette er stikk i strid med å legge til rette for at folks skal bu og leve i heile landet vårt, seier han.

Høgre: Kjenner ikkje til nedleggingsframlegg

Trass i at regjeringa har bestilt ein gjennomgang av strukturen, avdramatiserer leiar i transportkomiteen Helge Orten (H) situasjonen:

– I utgangspunktet kjenner eg ikkje til planar om å legge ned trafikkstasjonar. På den andre sida skjer det ei digitalisering som gjer at oppgåver kan løysast lettare. Det skal vi ikkje avvise, men det er samstundes viktig at tilbod er nært der folk bur, seier Orten.

Kan bli dyrt å ta lappen

Men Mats Rohit Sandal Frantzen merkar at tilboda er blitt lenger vekke. Når nokon skal køyre opp må Team Trafikk frakte eit digert vogntog eller ein buss frå Måløy til Førde.

– Elevane må dit for å skaffe seg kjennskap og lærekøyre der. Det er ferjeutgifter, reisetid, overnatting før oppkøyring. Sjølvsagt blir det dyrare for alle partar.

Marius Kupen Skram

OPPLÆRING: Marius Kupen Skram vurderer å utvide sertifikatet

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Frantzen fryktar store følgjer om også personbiloppkøyringa vert sentralisert. Mange unge strevar med å ha nok tid og pengar til å ta lappen.

– Alt no kostar eit vanleg personbilsertifikat i snitt 30 000 kroner, seier han.