Må punge ut etter promillekøyring
Ein mann i 30-åra frå Sunnfjord må betale ei bot på 40.000 kroner etter at han blei teken for promillekøyring. Ei blodprøve som vart teken tre timar etter køyringa fann stad synte ein promille på 1,17. Mannen har vedgått hendinga. Han er og fråteken førarkortet i to år og fire månader.