Hopp til innhold

Må levere beredskapsplan

Innan klokka 15 må Høgskulen i Sogn og Fjordane levere ein beredskapsplan for terror til Kunnskapsdepartementet. Bakgrunnen er terrortrusselen som har ført til auka beredskap i heile landet dei siste dagane. – Høgskulen har gått gjennom gjeldande beredskap og lagt planar for kva dei skal gjere ved terrortrugslar eller angrep, seier personaldirektør ved Høgskulen, Wenche Fjørtoft.