Hopp til innhold

Vil nytta nynorsk, men får materiell på bokmål

FØRDE (NRK): Sjølv om butikken ligg midt i ein nynorskkommune heng dei opp plakatar på bokmål. Dei får rett og slett ikkje tilsendt plakatar på nynorsk.

Henger opp reklameplakater med skrift på bokmål.

BOKMÅL: På ARK Førde heng dei opp plakatar på bokmål, sjølv om dei skulle ønske dei kunne henge opp plakatar på nynorsk.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

– Per i dag er det stort sett på bokmål me får dei. Det seier Ann-Katrin Olsen, butikkleiar i Ark Førde, om reklameplakatane ho får tilsendt.

Vil dei ha plakatar skrivne på den ønska målforma er dei nøydd til å laga dei sjølv. Olsen seier ho ikkje veit kvifor dei berre får tilsendt materiell på bokmål.

Ho er sjølv skulert til å skriva bokmål, men meiner at det er viktig å fronta språket.

– Det er klart at når me ligg på vestlandet og målforma her er nynorsk hadde det vore greitt å få plakatane på nynorsk.

Ann-Katrin Olsen

ØNSKER: Ann-Katrin Olsen skulle ønske ho fekk materiell tilsendt på nynorsk

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Vanleg med bokmål

Kjedebutikkane får vanlegvis tilsendt ferdig laga reklamemateriell. Det tyder at du ser dei same plakatane om du handlar i Bergen, i Straume eller i Førde.

Reklamen er vanlegvis skriven på bokmål eller engelsk. Difor må butikkane laga eigne plakatar om dei ønsker å nytta nynorsk i sine lokale.

Nyttar nynorsk

Alti-kjøpesenteret i Førde ønsker å nytta nynorsk på senteret. Dei er opptekne av at nynorsk er meir språknært enn bokmål fordi det liknar meir på vestlandsdialektane.

Gro Gjerdevik, senterleiar Alti Nordfjordeid

NYNORSK: Gro Gjerdevik, meiner det er viktig å bruka nynorsk. Bilete teke i samband med Black Friday på Alti Nordfjord

Foto: Benedikte Grov / NRK

– I Alti-kjeda er me så heldige at mesteparten av materiellet me får derifrå kjem på nynorsk, seier Gro Gjerdevik.

Ho er senterleiar ved Alti Nordfjord, og har vore fungerande senterleiar ved Alti Førde det siste halvåret.

– Me har alltid vore bevisst på å få materiell på nynorsk for å dekka vår nynorskkvote.

Trass aktivt arbeid for å få materiell på nynorsk må dei i nokre tilfelle omsetje plakatar sjølv for å få dei på den ønska målforma.

Nynorsk på Spar

I motsetnad til hjå ARK er nynorsk godt representert inne på daglegvarebutikken Spar.

– Alt som har med profilering å gjere, som til dømes skilt i taket, er mogleg å få på nynorsk, fortel Kristian Årdal, dagleg leiar i Spar Førde.

Dei fleste plakatane lagar dei dessutan sjølve, og då nyttar dei den målforma dei ønsker. For han har det altså ikkje vore vanskeleg å få materiell på nynorsk.

– Det var eigentleg ganske enkelt. Spar er ein butikk som er representert i alle moglege bygder og byar og er opptekne av språket. Eg måtte berre gje beskjed kva målform me ønska.

Kristian Årdal

GODT REPRESENTERT: Kristian Årdal er nøgd med kor godt nynorsken er representert i butikken.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Trass velvilje frå kjeda vert kundeavisa skriven på bokmål. Årdal har ikkje fått reaksjonar frå kundane på grunn av det. Han trur at folk har forståing for at ho vert sendt ut til heile landet.

Oppmodar kjedene

Gjerdevik får derimot reaksjonar med jamne mellomrom.

– Me får høyra det jamt og trutt, både om vårt eige materiell og butikkane sitt materiell.

Ho håpar at fleire kjedar vil byrja med å lage materiell på begge målformene.