Hopp til innhold

Må kvile 69 timar før neste køyring

Ein turistbuss vart stoppa i Flåm torsdag kveld, då føraren som hadde brote køyre- og kviletidsreglane vart meldt til politiet for manglande vekekvile. I tillegg vart føraren pålagt 69 timar kvile før vidare køyring. Transportøren måtte skaffe anna buss til passasjerane.