NRK Meny
Normal

Sogn og Fjordane må kutte til beinet - må spare inn minst 200 millionar kroner

Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte minst 200 millionar kroner. Det har kommunal- og forvaltningskomiteen bestemt i det nye nye inntektssystemet til fylkeskommunane.

Fylkeshuset på Hermansverk

MÅ KUTTE: Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte i det meste dei kommande åra. Fylket får minst 200 millionar kroner mindre i det nye inntektssystemet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Men vi gjer nokre tiltak for å gje fylket ei mjukare landing. Det seier Helge André Njåstad frå Frp som er leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget.

I det reviderte nasjonalbudsjettet som vart lagt fram tidleg i mai var konklusjonen at fylket kom til å få 235 millionar kroner mindre i inntekter om fem år. Dette har vekt sterke reaksjonar og fylkesordføraren har karakterisert kuttet som ei «rasering av tilbod til innbyggarane».

Får meir i tapskompensasjon

Torsdag vart innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen lagt fram. Der blir Sogn og Fjordane tilgodesett med ei noko betre taps-kompensasjonsordning, seier Njåstad.

Han seier dei har fått innspel frå fylket på det nye inntektssysemet som dei har tatt med seg, og viser spesielt til tapskompensasjonsordninga.

– Der aukar vi totalsummen til 125 millionar kroner. Dermed får Sogn og Fjordane 34 millionar kroner i året i tapskompensasjon, og at ordninga går over fem år, seier Frp-politikaren.

Frå før er det allreie kjent at regjeringavidarefører ordninga med ferjeavløysingsmidlar. Det er ei ordning der ein vidarefører ferjetilskotet i minst 40 år når ein byggjer bru eller tunnel for å erstatte ei ferje.

Må framleis ta massive kutt

Den nøyaktige summen for kor mykje mindre fylkeskommunen i Sogn og Fjordane faktisk får er ikkje Njåstad klar på.

(Saka held fram under biletet)

Helge André Njåstad

MANGE INNSPEL: - Kommunal- og forvaltningskomiteen har fått mange innspel frå Sogn og Fjordane som er tatt til følgje, seier komiteleiar Helge André Njåstad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dette er stipulert. Det kan skje mange endringar i forhold til utgiftsbehov, som at folketalet og folkesamansetningen endrar seg. Så det er vanskeleg å sette to strekar under svaret her.

Han legg vekt på at sjølv med innføring av nytt inntektssystem så vil Sogn og Fjordane saman med dei tre nordlegaste fylka vere blant dei som får mest pengar per innbyggjar til å levere tenester for.

Dermed står fylket framleis framfor store utfordringar til drift av skule, veg, tannhelse, kultur og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

– Drifta må tilpassast inntektene. Fylket må drive tenestene sine rimelegare enn det som er gjort fram til i dag. Det er ei stor utfordring fylket står framfor, seier Njåstad.

Njåstad understrekar at det nye inntektssystemet er meir rettferdig. Saka skal endeleg avgjerast i Stortinget 18.juni.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.