Hopp til innhold

Må kutte 20 årsverk

Høyanger kommunestyre vedtok i går å kutte 15-20 årsverk i kommunen.

Kutta vart vedteke i samband med at den nye økonomiplanen for 2006-2009 vart godkjent. Kutta skal gjennomførast i løpet av eit og eit halvt år, skriv avisa Ytre Sogn. Men det er førebels uklart kvar det skal kuttast.

Berre RV røysta i mot den nye økonomiplanen.