Hopp til innhold

«Det er jo skremmande å tenke på at det er så stor rasfare og at det ikkje blir gjort noko»

Kvar einaste dag må fleire huyndre pendlarar køyre til og frå Førde gjennom eit av dei mest rasfarlege punkta i Sogn og Fjordane. Sjå videoen og følg Anne Marie gjennom rasområdet ved Heilevang.

Pendlarane fryktar rasfarleg veg, kvar dag.

UT PÅ TUR: Anne Marie Mandelid er ei av mange som kvar dag køyrer den rasutsette vegen mellom Førde og Askvoll.

Fylkesveg 609 ved Heilevang i Askvoll er eit utsett punkt. Stadig kjem det meldingar om ras og stengd veg på denne strekninga. Særleg når haustveret sler til med mykje nedbør, fryktar ho og dei andre pendlarane det verste.

Men eg har mista litt trua på at det skjer så mykje meir. Eg synes det går utruleg seint

Anne Marie Mandelid

– No er eg spent på om det er kome noko ned i vegbana i løpet av natta. Eg har ikkje høyrt om noko stenging, eller at det har gått ras, så det er jo veldig bra. Det er alltid spennande når vi kjem mot svingen her og fram mot overbygget. Fossen er ofte stor, og det er av og til spennande om vi i det heile tatt ser brua, fortel Mandelid.

– Korleis er det å passere området der når det er slik?

– Eg har jo køyrd her i mange år. I byrjinga tykte eg det var skummelt, sidan det ikkje alltid var slik at vi såg brua her. Då siktar vi oss no berre fram og køyrer på. Etter at dei fekk opp eit skikkeleg overbygg på fossen her, så har det jo blitt tryggare, trass alt.

– Skremmande å tenke på

– Det er om lag 600 personar som treng denne vegen for å kome seg til og frå Førde kvar einaste dag. Det går jo framleis ras her. Kva gjer dette med dykk som bur i området?

– «Det er jo skremmande å tenke på at det er så stor rasfare og at det ikkje blir gjort noko». Vi skulle kanskje ha skrike litt høgare. Men eg føler at det ikkje er så mykje meir vi kan gjere slik sett. Vi må jo stole på at dei som sit på pengesekken prioriterer området her. Vi ventar jo berre i spenning.

Det er alltid spennande når vi kjem mot svingen her og fram mot overbygget. Fossen er ofte stor, og det er av og til spennande om vi i det heile tatt ser brua

Anne Marie Mandelid

Draumen til dei som bur i området er ein tunnel, men strekninga er ikkje på den prioriterte lista til fylkestinget over fordeling av rassikringsmidlar i den komande vegperioden.

– Eg håpar det ikkje går liv, og at det er det som skal til for at det skjer noko med vegen her. Når ein tenkjer på at det har gått 100 ras her i perioden frå vegen vart opna og fram til no, så er det jo berre flaks at det ikkje har skjedd noko alvorleg, fortel pendlaren.

Ho vil ha tunnel

– Men no har jo Statens vegvesen gjort ei ganske stor oppreinsking i fjellsida?

– Ja, men uansett så har ein ikkje sjans å sjå noko dersom det er så mørkt. Ein har jo nok med å følgje med på vegen og sjå om det er kome ned noko. Men vi må jo på jobb, vi kan ikkje jo stoppe opp. Det bur folk her ute, og det er viktig for oss å få ein rassikker veg opp å gå. Kun då kan vi sleppe å ha denne frykten i magen kvar gong vi må ut og køyre.

Ho meiner at tunnel forbi områdeter det som skal til, sjølv om ho også veit at det nok framleis er langt fram før det kan bli realisert.

– Eg veit at overbygg også har vore diskutert, men dei seier jo at tunnel er det beste alternativet. Men eg har mista litt trua på at det skjer så mykje meir. Eg synes det går utruleg seint, seier Mandelid.