Hopp til innhold

Må køyre røystene milevis med båt i "delt kommune"

– Det er heilt klart eit bilete på korleis denne kommunen vil fungere. Kinn blir kalla Noregs raraste kommune, og det er han, seier Raudt-politikar.

Måløy-Florø

9. september blir fyrste valdagen for dei nye storkommunane i Noreg. Flora og Vågsøy skal bli til Kinn kommune, av statsminister Erna Solberg kalla Noregs «mest spennande kommune.»

Kommunen er omstridt på grunn av store avstandar på dårlege vegar, og at Bremanger kommune blir liggande midt mellom dei to delane av Kinn.

No må også valstyret leige charterbåt valkvelden.

Om bord ligg tusenvis av valrøyster frå Vågsøy som skal teljast på samfunnshuset i Florø.

Eit bilete på ei dårleg kommunesamanslåing meiner motstandarane av samanslåing.

– Det viser berre at dette ikkje er ei god kommuneløysing. Her blir det kronglete løysingar på mange ting, seier ordførarkandidat for Raudt, Geir Oldeide.

Geir Oldeide

SKEPTISK: Geir Oldeide er ordførarkandidat for Raudt.

Foto: Bård Siem / NRK

Kostar 15400 kroner

I fylgje Vågsøy kommune kostar det 15400 kroner å leige passasjerbåten vel 55 kilometer frå Måløy til Flora.

Turen vil ta 1 time og 10 minutt, og startar 20 minutt etter at røystelokala stenger.

Om det skulle bli svært dårleg ver må røystene fraktast bilvegen. Den tar to timar med ferjereise tvers gjennom Bremanger kommune, som nektar å vere med i Kinn.

– Det vil jo vere ei katastrofe om det skjer noko undervegs, men det skal veldig dårleg ver til for å skape trøbbel, seier leier i valstyret, Jan Henrik Nygård (V).

Jan Henrik Nygård

MÅ TENKE LOGISTIKK: Leiar i valstyret i Kinn kommune Jan Henrik Nygård (V).

Foto: AHMAD DEAN / NRK

Trur vi etter kvart røyster på nett

Nygård er ikkje samd med Raudt i at dette er biletet av ei tungdriven kommune.

– Etter kvart vil ein kanskje få røystinga over på nett. Dette med oppmøte på valdagen kan vere historie om nokon år, seier han.

Han meiner valresultatet uansett neppe blir meir enn ein time seinare enn innbyggarane er vane med. Vel 3000 røyster frå Måløy skal på sjøreise.

– Folk kan vere hundre prosent sikre på at dette skal gå bra, det kan eg garantere, seier Nygård.

Kvar er dette

MÅLØY: Frå hamna skal røystene til Vågsøyværingane fraktast om bord i ein skyssbåt til Florø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil samle inn pengar til meiningsmåling

Ein konsekvens av at røystene skal teljast samla er at det blir uråd å få vite resultatet for kvar enkelt av dei to kommunane.

Raudt meiner dette er skuffande, og har etterlyst ei delt oppteljing.

– Det hadde vore interessant å vite kva folk i Vågsøy stemmer og kva folk i Flora stemmer, men det går vi glipp av no, seier Geir Oldeide.

To gonger spurte politikarane folket i Vågsøy om råd om Kinn kommune. Begge gongane sa eit klart fleirtal nei, men fleirtalet i kommunestyra røysta ja likevel.

Oldeide er spent på kva det vil seie for valresultatet.

– Det har vore snakk om at nokon parti kunne prøve å spleise på ei meiningsmåling, eller arrangere ei pengeinnsamling blant folket, sukkar Oldeide.