NRK Meny
Normal

Må køyre 50 timar i månaden ekstra på grunn av politireforma

STADLANDET (NRK): Nedlegginga av det lokale lensmannskontoret fører til at dei tilsette i Ervik Havfiske må køyre 50 timar med bil ekstra i månaden.

Kai Inge Fløde & Stig Ervik

TIDKREVJANDE PAPIRARBEID: Dei brukar mange timar i bil for å ordne visum til dei utanlandske arbeidarane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Val

Frå kontorvindauga til Ervik Havfiske ser ein ut i havgapet, til det vakre og ville Stadhavet. Men med nedlegging av lensmannskontoret i kommunen, vert det mindre tid på kontoret og meir tid i bil.

– Det blir jo køyring og køyring heile tida. Det var lettare for 15 år sidan, seier mannskapsansvarleg Kai Inge Fløde.

Før kunne Fløde køyre til det lokale lensmannskontoret, femten minutt unna, når han skulle skaffe arbeidsvisum til utanlandske tilsette. No må han til nabokommunen Eid, over ein time unna.

Meiner utviklinga går bakover

Stig Ervik har i tre tiår drive næringsutvikling og skapt arbeidsplassar på Stadlandet. Selskapet Ervik Havfiske er involvert i drifta av 11 linefartøy, 2 sjarkar og 4 offshorefartøy. No er driftssjefen oppgitt over utviklinga på land.

– Det må no vere noko av det dummaste, at det skal bli vanskelegare å få gjort ting. Det er ikkje slik det burde vere i 2017, det burde vore enklare, seier Ervik.

Stig Ervik

OPPGITT OVER BYRÅKRATIET: – Sentraliser det vi kan få gjort på internett, ikkje alt anna, seier driftssjef Stig Ervik i Ervik Havfiske.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Nedlegging av lensmannskontoret i Selje er ein konsekvens av nærpolitireforma, der 115 lensmannskontor og politistasjonar vert lagde ned. På kva kontor tenester som utlendingsforvaltning vert i framtida, er ikkje avgjort.

Politiet vedgår at dette får konsekvensar for publikum.

– Eg har veldig stor forståing for at dei som treng desse tenestene som forsvinn frå lokalsamfunnet, føler på dette, seier prosjektleiar for nærpolitireforma Helge Stave i Vest Politidistrikt.

Video Helge-Stave-180910W-HO-145821-SI_HO.mp4

SER GEVINSTAR: Medan publikum opplever praktiske konsekvensar, påpeikar prosjektleiar Helge Stave i Vest politidistrikt at politiet vert meir effektive av endringane.

Foto: Nyhetsspiller

Reforma er no inne i sitt andre år, og endringane er effektive for politiet, meiner Stave.

– Den enkelte publikummar som treng tenestene, dei ser ikkje gevinstane som gjerne vi ser, ved at vi får handsama fleire søknader med færre personar, samstundes som vi får høgare kvalitet på sakshandsaminga, seier Stave.

50 timar vekke frå kontoret

Også omlegging av passkontora vil føre til meir bilkøyring. I Sogn og Fjordane har politimeisteren føreslått at det vert utskriving av pass ved fire kontor.

Hos Ervik Havfiske har dei rekna på kor mykje tid dei no brukar på å skaffe visum.

– Det vert om lag ti turar ekstra i månaden til Eid, det er 50 timar ekstra i bilkøyring, seier Fløde.

– Kva tenkjer du på når du sit i bilen?

– Eg tenkjer på ting som kunne vore gjort i staden for å sitje i bil, sukkar han.

For sjefen er det likevel ikkje aktuelt å flytte kontoret til meir sentrale strøk.

– Nei, det er ikkje tema ein gong. Vi ønskjer å byggje ut lokalsamfunnet, det er her vi har båtane vår, verftet vårt, butikken vår, kontoret vårt, seier Ervik.

Sjå meir frå Selje i kveldens valsending på NRK1, 21.30, der tema er sentralisering.