Må klare seg utan stopparkjempa

Sogndal Fotball må klare seg utan stopparkjempa Hannu Patronen når dei i dag jaktar sin 13. strake kamp utan tap på heimebane.

Hannu Patronen

SKADD: Hannu Patronen fekk ein strekkskade, såkalla hamstring, i bortekampen mot Sarpsborg 08.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix
Oddleif Løseth
Journalist

Midtstopparkjempa fekk strekk i oppgjeret mot Sarpsborg 08 og er uaktuell til møtet med Haugesund.

– Det er ikkje noko stor strekk, men Hannu blir nok ute eit par veker. Han går i alle fall glipp av Valdres-kampen, seier medisinsk leiar i Sogndal, Yngve Myhre.

Laster innhold, vennligst vent..

Derimot er midtbanespelaren Gilbert Koomson etter ein strekkskade klar til dyst.

I tillegg til Patronen er også langtidsskadde Victor Grodås (korsband) og Stefan Hagerup (kneskade) uaktuelle til oppgjeret mot Haugesund.

Kampen kan du følgje direkte på nettradioen frå klokka 19.

Laster innhold, vennligst vent..
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.