NRK Meny

Må investere data-millionar

Kommunane i Nordfjord må i løpet av året investere tilsaman over sju millionar kroner i nytt data-lagringssystem. Det noverande systemet for lagring av data er gammalt, og hadde to alvorlege driftsstansar i fjor. I sakspapira går det fram at det ved begge høva var reell fare for at alle dataløysingane til kommunane kunne bli nede i mange dagar eller veker. Investeringa på vel sju millionar kroner vert fordelt ut frå folketalet i Nordfjord-kommunane, som alle er knytt til Nordfjordnett.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå