Tre personar er framleis evakuerte frå bustaden sin i Lærdal. Etter at ein geolog onsdag vitja bustaden, vart det klart at desse må vente med å flytte heim til etter at området er utbetra.
- Me må inn med gravemaskiner og grave elvelaup slik at me kan få styrt elva dit me ynskjer, samstundes som me kan bruke massane me grev ut til å lage ein voll mot bustadene, slik at om det skulle kome masse ned frå dette elvelaupet, vil det ikkje truge bustadene, seier Hans Jørgen Røneid, leiar for tekniske tenester i Lærdal kommune. Han veit ikkje kor langt tid dei siste må vente før dei kan flytte innatt i heimane sine.
Byrja å flytte heim
Onsdag vart det klart at tre av dei seks evakuerte personane i Lærdal fekk klarsignal om å flytte heim.