Må i varetekt

Mannen som er sikta for å stå bak 16 innbrot på Vestlandet er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. I Sogn og Fjordane tingrett nekta mannen straffskuld, men godtok fengslinga. Politiet meiner at dei har elektroniske spor som syner at mannen har vore i nærleiken av innbrota.