Hopp til innhold

Tidlegare helsearbeidar må i retten for sal av store mengder «barbiedop»

For første gong vil påtalemakta forsøke å få nokon dømd for kjøp og sal av det omstridde sjølvbruningsmiddelet Melanotan, såkalla «barbiedop».

Barbiedop

ULOVLEG: Melanotan er ikkje godkjend som legemiddel i Norge. Likevel har det vore omsett i stor stil gjennom fleire år.

Foto: Frode Hansen / NTB/Scanpix

Dei siste ti åra har Melanotan vore vanleg i einskilde miljø, og ikkje minst blant unge jenter. Men middelet, som berre finst i sprøyteform, er uloveleg å omsetje i Norge.

No må ein mann i 40-åra frå Vestlandet møte i retten for å ha seld «barbiedop» via netthandel. Mannen var sjølv tilsett i helsevesenet i fleire år, og hadde autorisasjon for å utøve akutthjelp i deler av same perioden han skal ha seld det ulovlege legemiddelet.

Skal ha kjøpt og seld mykje

– Slik eg har oversikt over per no, så er dette den første saka som gjeld dette såkalla «Barbiedopet» som blir ført for ein norsk domstol. Det er statsadvokaten som har teke ut tiltale, så det er jo spennande å sjå korleis dette går, seier politiadvokat ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inger Beth Fosse, til NRK.no.

Ifølgje tiltalen har mannen importert minst 1814 ampullar, kvar med 10 milligram av stoffet Melanotan. Han skal ha seld vidare om lag 1700 av desse ampullane til kundar via ei open nettside. Kjøpet og salet skal ha skjedd frå desember 2007 til august 2011 frå mannen si privatadresse.

Påtalemakta vil og fremje påstand om inndraging av ein større pengesum som mannen skal ta tent på sal av «barbiedop»

Kallar inn sakkunnig vitne

Det har vore lett å bestille melanotan over internett. Eit Google-søk får fleire verksemder som sel stoffet. På ei side blir det også hevda at dei produserer stoffet i Norge, og at det ikkje er ulovleg.

Når den tiltalte mannen må møte i Fjordane tingrett i desember, vil Steinar Madsen frå Statens legemiddelverk bli stevna som sakkunnig vitne for påtalemakta. Han har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag, men sa mellom anna følgjande til NRK i 2010:

– Dette skal ein halde seg vekke frå. Stoffet har no vorte populært, det er mykje pengar å tene på det og det er veldig mange useriøse aktørar på marknaden.

Melanotan

FARLEG MORO: Melanotan blir blanda ut i vatn og injisert rett i til dømes mageregionen. Styresmaktene åtvarar på det sterkaste mot dette.

Foto: NRK

Kan ha alvorlege biverknader

Ifølgje legemiddelverket kan Melanotan ha alvorlege biverknader, mellom anna i form av føflekkar, auka risiko ved diabetes og forverring av hjartetilstandar.

Politiadvokat Inger Beth Fosse trur dei vil klare å føre prov for at mannen i 40-åra har drive ei ulovleg verksemd når han i ei årrekkje kjøpte og selde «barbiedop» via internett.

Mannen sin advokat, Maria Ursin Ingebrigtsen, seier til NRK at ho førebels ikkje har fått sett seg inn i saka.

Mannen vil ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med mannen, men han ønskjer heller ikkje å seie noko før rettssaka kjem opp. Mannen var i ein lengre periode tilsett i eit regionalt helseføretak, også i deler av perioden han skal ha omsett «barbiedop»

– Eg vil ikkje seie at det har vore vanskeleg å etterforske dette. Men vi ønskjer å få fram korleis dette såkalla «barbiedopet» påverkar kroppen og kva dette har å seie for ei straffesak, seier politiadvokat Inger Beth Fosse til NRK.