Hopp til innhold

Sette seg rusa bak rattet og krasja - no må kvinna i fengsel

Ei kvinne i 30-åra frå Nordfjord må bu seg på 21 dagar bak lås og slå etter at ho i fjor sette seg rusa bak rattet.

rettsal

DØMD: Kvinna er dømd til fengsel for promillekøyring.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein tidleg fredagskveld i november krasja kvinna inn i ein annan bil i Sunnfjord. Til alt hell oppstod det ikkje personskade, men bilane fekk seg ein smell.

Ei blodprøve teke av kvinna ein time etterpå viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,88 promille.

Kvinna måtte for kort tid sidan møte i Fjordane tingrett der ho stod tiltalt for promillekøyring og aktlaus køyring. Påtalemakta meinte kvinna må straffast med fengsel fordi promillekøyring utgjer ein stor fare, både for sikta sjølv og for andre som ferdast langs vegen.

Sjølv om kvinna berre køyrde ei kort strekning, oppstod det eit trafikkuhell. Dette meinte påtalemakta måtte vere skjerpande for straffeutmålinga.

Også Fjordane tingrett har kome til at kvinna bør dømmast til fengsel utan vilkår, med bakgrunn i faren som oppstår når personar set seg rusa bak rattet.

Dei finn det samtidig formidlande at kvinna har erkjent straffskuld, og at ho allereie like etter at ho vart pågripen etter uhellet vedgjekk forholdet.

Kvinna er dømd til 21 dagar fengsel, og ho må i tillegg betale ei bot på 7000 kroner. Tingretten har bestemt at kvinna må vere utan førarkort i to år og seks månader. Til frådrag kjem perioden då førarkortet var kverrsett.