Hopp til innhold

Må i fengsel for leggspark

Ein 21-åring er dømd til 21 dagar fengsel for å ha sparka ein politimann i leggen medan han var rusa. Mannen kom også med ei rekkje usamanhengande draps- og valdstruslar mot politiet. Fjordane tingrett la i formildande retning vekt på at mannen kort tid etter hendinga bad om orsaking for handlingane sine, og at han delvis erkjende straffskuld.