NRK Meny
Normal

Må i fengsel for grove overgrep

Ein mann i slutten av 40-åra frå Sogn og Fjordane er dømd til tre år og seks månader fengsel for seksuelle overgrep mot ei tidlegare stedotter.

Fjordane tingrett

NEKTA STRAFFSKULD: Den tiltalte mannen nekta for alt då han møtte i retten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Overgrepa skjedde over ein periode på vel to år, og jenta var 13 år då overgrepa starta. Jenta har forklart at ho hadde eit nært forhold til tiltalte, og at ho såg på han som ein farsfigur.

Retten legg til grunn at tiltalte var ein av dei viktigaste omsorgspersonar hennar, og meiner det gjer saka endå meir alvorleg.

Prøvde kjempe imot

Ifølgje dommen skal det ikkje vere snakk om samleie, men andre former for seksuelle overgrep.

Den unge jenta har forklart at stefaren nokre gonger tok store sjansar og forgreip seg på ho på stader der han lett kunne ha blitt oppdaga.

Ved eit tilfelle skal tiltalte ha forgripe seg på jenta samtidig som ho kunne sjå mora arbeide utanfor huset.

Jenta har forklart at ho prøvde kjempe imot overgrepa, og skal ha bede tiltalte om å la vere ho i fred. Ifølgje forklaringane hennar skal ho ikkje ha vore sterk nok til å hindre det som skjedde.

Nekta for alt

Tiltalte på si side nekta for alt. I retten kom det fram at han meiner politimeldinga var ein hemnaksjon frå mora til fornærma, ei kvinne han ikkje lenger er i noko samliv med.

Retten finn ingen haldepunkt som kan bevise ein slik konspirasjonsteori.

I staden legg dei til grunn at mannen i retten forklarte seg unnvikande og uriktig om fleire andre forhold som set han i eit dårleg lys. Dette skal mellom anna ha gått på forhold han har hatt til andre kvinner.

Fjordane tingrett har dømt mannen for gjentekne og grove seksuelle overgrep mot den tidlegare stedottera.

Ein del av overgrepa skjedde i heimen, noko retten meiner er grove tillitsbrot.

I tillegg til fengselsstraffa på tre år og seks månader, må mannen betale 175.000 kroner i oppreisingserstatning til den tidlegare stedottera.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.