Hopp til innhold

Må i fengsel etter russetreff-vald

Ein 20 år gamal mann er dømd til fengsel i 36 dagar etter at han slo og sparka ein anna ungdom natt til fyrste mai på russefesten på Sanden i Naustdal.

sanden 3 politi

KAOS: Det var kaos på Sanden i Naustdal natt til fyrste mai. Politiet måtte ta hand om mange situasjonar den kvelden.

Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

Politiet og AMK fekk nok å henga fingrane i då rundt 1000 ungdomar samla seg til fest på Sanden i Naustdal i vår. Politiet har etterforska åtte valdsepisodar i etterkant, og før helga vart ein 20 år gamal mann dømd til fengsel i 36 dagar.

Festen, der både russ og andre deltok, kom heilt ut av kontroll. Det var ikkje noko vakthald der, og AMK fekk heile 26 naudtelefonar frå festen og hadde 11 utrykkingar.

Den tiltalte 20-åringen nekta for at det han var som slo og sparka fornærma, men retten stolte på vitna i saka. Spesielt eitt vitne som såg hendinga på kort hald har retten lagt lit til.

Den tiltalte seier han kom til Sanden mellom 21.30 og 22.00. Han hadde drukke 12 øl og litt brennevin.

Han seier han var innblanda i noko knuffing med nokon andre, men nektar for å ha vore innblanda i valdshandlingar denne kvelden.

Men retten festa full lit til eit vitne som var på kort avstand frå valdsepisoden.

Den fornærma fekk to slag i ansiktet og då han fall ned på alle fire, sparka tiltalte han i magen. Resultatet vart skrubbsår og blåmerker, og han fekk store smerter i hovudet og ribbeina.

20-åringen er bøtelagd for lekamskrenking to gonger tidlegare, og no må han also sona 36 dagar i fengsel.