Hopp til innhold

Mannen var langt frå edru då han krasja i kyrkjemuren - no må han i fengsel

Med over to i promille sette mannen i 20-åra seg bak rattet. Nokre meter seinare krasja han i kyrkjemuren i Innvik. No må han i fengsel.

Kollisjon i Innvik

SKADDE: Både bilføraren og den jamaldrande mannen i passasjersete vart frakta til sjukehus etter krasjen med kyrkjemuren.

Foto: Geir Ståle Vatnamo

Både bilføraren, som heller ikkje hadde førarkort, og kameraten i passasjersetet vart frakta til Førde sentralsjukehus etter ulukka . Blodprøve to timar seinare viste ein promille på 2,04.

I Fjordane tingrett er mannen no dømd til fengsel i 120 dagar, der 60 dagar blir utsett med prøvetid på to år.

– Det står fram etter bevisføringa som heilt tilfeldig at ulukka ikkje enda med at menneskeliv gjekk tapt, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Dømd fleire gonger før

Mannen har også ei rekkje gonger tidlegare blitt dømd for brot på trafikkreglane. Mellom anna var det ikkje første gong han la ut på landevegen med promille i blodet.

I retten erkjende mannen alle forhold, også at han den aktuelle septemberdagen køyrde aktlaust. Strekka der ulukka skjedde var oversiktleg, det var i tettbygd strok og stor fare for å møte på både mjuke og harde trafikantar.

– Bevisføringa har etter rettens syn avdekka eit mønster av at tiltalte over tid og ved gjentekne høve har mangla grunnleggande respekt for trafikkreglane, skriv tingrettsdommaren.

Bot og sperrefrist

Mannen stod i tillegg tiltalt for å ha køyrt bil med 1,17 i promille i mars i fjor, samt for fleire høve der han har køyrt bil utan å ha gyldig førarkort. Retten meiner mannen har vist manglande forståing for dei risikomoment han har utsett seg sjølv og andre for ved å ferdast i trafikken på ulovleg vis.

Påtalemakta la ned påstand om fengselsstraff, medan retten under tvil fann grunnlag for å gjere delar av straffa på vilkår.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 5.000 kroner i bot. Han får også fem års sperrefrist før han kan ta førarkort på bil.