Hopp til innhold

Må i fengsel etter Gulen-eksplosjon

Tidlegare styreleiar og eigar av Vest Tank, Trond Emblem (53), og er dømd til fengsel i to år og fem månader etter eksplosjonen i 2007.

Eksplosjon i Sløvåg

EKSPLOSJON: Det er snart seks år sidan den veldige eksplosjonen på det som den gong var Vest Tank sitt anlegg i Gulen.

Foto: Wilheim Benidtson / NRK

Det er klart etter at Gulating lagmannsrett kom med dom i saka fredag.

Emblem nekta straffskuld då rettssaka starta i byrjinga av januar, men lagmannsretten har skjerpa straffa frå tingretten med elleve månader.

I tillegg til to år og fem månader fengsel blir han frådømd retten til å drive verksemd eller vere dagleg leiar eller sitje i styre i verksemder som må ha løyve frå Klima og forureningsdirektoratet eller Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i fem år.

Historisk rettssak

Det er no snart seks år sidan den veldige eksplosjonen i Sløvåg i Gulen. To store lagertankar med kjemisk avfall gjekk i lufta, begge tilhøyrde selskapet Vest Tank.

Det var eit under at ingen vart drepne i den enorme eksplosjonen, men ti personar vart lettare skadde. Uhellet førde til at mange i området fekk helseplager som kvalme, irritert hals og irriterte auge. I fleire omgangar har det vore gjennomført helseundersøkingar for å finne ut kva følgjer eksplosjonen har fått for folk i nærområdet.

Tidlegare styreleiar og eigar av selskapet, Trond Emblem, og rådgjevar for selskapet, Karl-Jan Erstad stod begge tiltalt for miljøkriminalitet etter eksplosjonen. Saka er den mest alvorlege miljøkriminalitetssaka som har vore i ein norsk rettssak.

Frå før er tidlegare dagleg leiar i selskapet Jostein Berland (63) dømd til to års fengsel, etter at Høgsterett skjerpa straffa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Emblem, tidligere eier i Vest Tank

FENGSEL: Trond Emblem er dømd til to år og fem månader i fengsel etter eksplosjonen i Sløvåg i 2007.

– Vil vere å trekkje ansvaret for langt

I dommen frå tingretten vart dei to hovudtiltalte, tidlegare dagleg leiar i selskapet Jostein Berland, og tidlegare styreleiar og eigar i selskapet Trond Emblem, dømde til eitt og eit halvt års fengsel.

Dei vart òg frådømd retten til å driva verksemd i fem år og å vera dagleg leiar i selskap som treng løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet eller Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Berland vart i tingretten sett på som meir sentral enn Emblem i saka. Dei fekk likevel den same straffa.

Begge anka saka si, men Emblem vart permittert på grunn av sjukdom då ankesaka starta. Difor kom saka først opp vinter.

Då saka starta sa Emblem sin advokat at han gjekk for full frifinning.

– Vi meiner det vil vere å trekkje styreansvaret altfor langt, om ein skal påleggje Emblem ansvar. Dette er forhold som gjeld drift av selskapet og løyve selskapet skal ha, noko som ligg hos dagleg leiar – ikkje hos styret, sa Kristiansen til NRK.no då rettssaka starta.

Hadde god kunnskap om drifta

Retten meiner Emblem som styreleiar og eigar av anlegget hadde god kjennskap om drifta, også dei problema som var knytt til den. Han stod mellom anna tiltalt for å ha teke del i avgjerda om å ta imot avfall frå skipet Probo Emu, sjølv om Vest Tank ikkje hadde dei nødvendige løyva.

Retten meiner mellom anna at det var klart aktlaust av Emblem å ikkje undersøke nærare kor vidt selskapet faktisk hadde løyve til å ta imot dette avfallet.

Eit anna tiltalepunkt gjekk på forureiningslova og brotsverk mot denne som set menneske sitt liv og helse i fare. Retten meiner det utan tvil var utslepp frå anlegget som var utover det som var lov, og også her meiner retten at Emblem handla aktlaust når han ikkje undersøkte kva løyve selskapet faktisk hadde.

Retten meiner også at Emblem burde ha forstått at det dei gjorde kunne sette menneske sitt liv og helse i fare.

Motivert av profitt

I skjerpande retning legg Gulating lagmannsrett vekt på at Emblem over tid viste manglande vilje til å styre ei verksemd med eit stort farepotensial i samsvar med lovar og forskrifter.

Dei skriv i dommen at handlingane i det vesentlege verka å vere motivert av eit ønske om høgare profitt, både i forhold til verksemda generelt og sal av denne.

Fengsel også for rådgjevar

Rådgjevar for selskapet, Karl-Jan Erstad, måtte også på tiltalebenken igjen. Han måtte gjennom ei ny rettsrunde fordi Høgsterett oppheva frifinninga av Erstad i lagmannsretten. I første rettsinstans vart Erstad dømd til 45 dagar i fengsel på vilkår.

– Vi har vore gjennom fleire rettsrundar, og ikkje blitt dømd til anna ein fengsel på vilkår. Eg meiner vi vil komme klar denne gongen òg, sa Erstad sin advokat, Torbjørn Sognefest Kolås til NRK.no då rettssaka starta i januar.

I dommen skriv retten at Erstad handla aktlaust, men at det han gjorde er i ein heilt annan kategori enn det Emblem og Berland gjorde. Erstad blei beden om å gje råd i samband med handteringa av avfallet, og retten meiner at manglande motførestellingar mot prosessen, saman med utolmodighet frå Berland, gjorde til at han som rådgjevar ikkje greidde å etablere tilstrekkelege motførestellingar.

Retten oppfattar ikkje at Erstad hadde intensjonar om å bevege seg på kant med lover og forskrifter for sjølv å tene på det. Dei viser vidare til at dei ikkje ser fare for at gjentaking, men meiner samtidig at saka er så alvorleg at straffa må vere følbar.

Gulating lagmannsrett har difor dømd Erstad til fengsel i 90 dagar.