NRK Meny
Normal

Må i fengsel etter butikkunderslag

Ei kvinne i Nordfjord er i Fjordane tingrett dømd til 60 dagar fengsel, halvparten på vilkår, etter underslag i ein butikk der ho var tilsett.

Fjordane tingrett
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kvinna innrømmer å ha teke varer, makulert rabattkupongar for så å stikke kontantar for tilsvarande sum i eigen lomme og brukt pantelappar om att. Pengane skal ha gått til eige forbruk.

Det var rutinemessig revisjon av butikkassa som gjorde at butikken oppdaga at noko var gale. Avvika vart kontrollerte opp mot overvakingssystemet i butikken, og kvinna kom då i leiinga sitt søkjelys. Ho vart sagt opp då saka kom for ein dag.

I følgje rettspapira er det noko uklart kor lenge lovbrota har pågått, men retten meiner det er snakk om ein periode på minst eitt og eit halvt år. Retten meiner at kvinna i 30-åra har brote tilliten som følgjer av stillinga og ser på underslaget som grovt.

Sprik i vurdering av verdiane

Det har vore vanskeleg for retten å få ei fullstnedig og nøykatig oversikt over kor store verdiar det er snakk om. Det kjem mellom anna fram at kvinna har signert eit gjeldsbrev til arbeidsgjevar på at ho skuldar dei 600 000 kroner. Kvinna har forklart at ho ikkje skjønte kva som skjedde på møtet der ho signerte dette, og ho har seinare forklart at summen ho har underslått for er kring 106 000 kroner.

Retten finn det bevist ut over ein kvar tvil at ho har underslått varer og kontanter for minst 106 000 kroner. Dei meiner også at ho har handla med forsett, og har visst kva ho gjorde. På grunn av lang saksbehandlingstid landa retten på 60 dagar fengsel, der 30 av desse er på vilkår med ei prøvetid på to år. Ho må også betale erstatning på nær 130 000 kroner som erstatning av underslaget og utgifter arbeidsgjevar sette i verk for å oppklare saka.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå