Hopp til innhold

Må i fengsel etter bombetrugsmål mot kommunehus

Mannen la det han sa var ei bombe laga av dorullar på skranken i kommunehuset. Det må han sone 90 dagar i fengsel for.

Ein desemberdag i 2015 troppa mannen opp på kommunehuset med nokre dorullar, ein leidningsstump og avispapir, som han hadde laga om til ein bombeliknande gjenstand.

Retten meiner trugslane han kom med om å sprenge kommunehuset vart framsette under slike omstende at det var eigna til å framkalle alvorleg frykt. Av dommen går det også fram at kommunehuset vart evakuert, politiet tilkalla og at kommunen i ettertid måtte opprette eit kriseteam for at dei tilsette skulle få bearbeide hendinga.

I samband med pågripinga kom mannen også med alvorlege trugslar mot ein politimann og familien hans. Også i januar i år skal mannen ha kome med sagt til poltiet at "eg kan ta dokke" og oppført seg trugande på lensmannskontoret.

Då saka var oppe i Sogn tingrett stod han også tiltalt for andre tilfelle av trugslar, i tillegg til fleire brot på vegtrafikklova og køyring i rusa tilstand. Samla dreier det seg om seks ulike hendingar frå sommaren 2015 til sommaren 2016. Sogningen tilstod dei fleste lovbrota då han møtte i retten. Han er også tidlegare domfelt for trugslar, brot på vegtrafikklova og narkotika- og alkohollova.

Forsvararen bad om at mannen fekk samfunnsstraff på grunn av rusproblem og helseårsaker. Retten vurderte dette, men kom til slutt fram til at ikkje er overbeviste om at mannen vil klare å halde seg rusfri og gjennomføre samfunnsstraffa. Sogningen vart dømd til 90 dagar fengsel, og må betale ei bot på 15 000 kroner. Han får heller ikkje lov til å ta nytt sertifikat før om fem år.