Hopp til innhold

Kvinne henta ned frå fjellet i Aurland

Kvinna som hadde gått seg vill i fjella aust for Aurland er no plukka opp av eit redningshelikopter og blir sett ned i Aurland.

Turgåar må hentast ned frå fjella aust for Aurland

Politiet fekk like før halv fire onsdag ettermiddag melding om at ei kvinne i 20-åra hadde gått seg vill i fjella aust for Aurland. Eit redningshelikopter og Røde Kors vart kalla ut for å hente ned kvinna.

Politiet opplyser til NRK at kvinna er uskadd og det skal ikkje ha vore snakk om dramatikk. Ho er no plukka opp av eit redningshelikopter.