NRK Meny
Normal

Må halde ut med «Årdal» på Anda-Lote

Ynsket frå ordførarane i Gloppen og Eid om å få tilbake bilferja «Lote» på strekninga Anda-Lote vart ikkje innfridd i møtet med Fjord1 torsdag.

Christine Hammersvik, Tor Kristoffersen og Kjetil Sætre

SA NEI: Ferjeleiinga i Fjord 1, representert ved operativ leiar Christine Hammersvik og regionleiar Tor Kristoffersen. Til venstre Kjetil Sætre, som er skipper på bilferja «Årdal».

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Regionsjef Tor Kristoffersen i Fjord1 slo på møtet fast at «Lote» går på strekninga Molde-Vestnes, og der blir ferja gåande.

– «Lote» er ei god ferje, og alle vil ha den, også på Molde-Vestnes. Det er ikkje aktuelt å flytte den tilbake til Anda-Lote. Men det er positivt med engasjement, og vi har stor respekt for at sambandet betyr mykje for både næringslivet og dei som bur i regionen.

Siste året har det vore mykje problem med regulariteten på Anda-Lote. Bilferja «Årdal» har hatt fleire tilfelle med motorproblem. I tillegg har ferje problem med å legge til på Anda når det er vind.

Kjetil Sætre og Leidulf Gloppestad

KRITISK TIL KAI: Skipper Kjetil Sætre (t.v.) meiner plasseringa av den nye ferjekaia på Anda er årsak til mykje av problema. Til høgre ordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kaiplasseringa eit problem

Skipper Kjetil Sætre på «Årdal» meiner plasseringa av den nye ferjekaia på Anda har mykje av skulda.

– Dei dagane vi må ligge stille på grunn av vêret blir det ei utfordring for dei reisande. Det er no ein gong slik at kaia på Anda ligg slik ho gjer, plasserte rett ut i fjorden. Vi får utfordringar særleg ved vestavêr. Både straum og vind gjer at vi får problem. Det vart peika på før kaia vart bygd.

Sætre seier at «Lote» er betre eigna til sambandet enn «Årdal».

– Så lenge du har meir krefter så taklar du det betre. Men med det materiellet vi har så oppfyller vi alle krava i anbodet, så det får vi halde oss til.

Bilferja MF Årdal

MILDT SAGT LITE POPULÆR: Bilferja «Årdal» ved kai på Lote.

Foto: Øystein Torheim

Ber om nytt møte

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid og Leidulf Gloppestad (Sp) i Gloppen sa etter møtet at dei er veldig godt nøgde med det ferjeopplegget som Anda-Lote får frå 1. januar 2018. Men dei vil ikkje slå seg til tols med at det skal vere uvisse fram til den tid.

– Problema for dei reisande er underkommuniserte. Vi forstår det Fjord1 seier, men vi vil no ta initiativ til eit møte der både Fjord1 og Statens vegvesen er med. Vi ynskjer primært å få «Lote» tilbake på sambandet, sa Gloppestad.

Alfred Bjørlo meiner at dei må få til ei betre løysing for Anda-Lote ut dette året.

– Det er ein frustrerande situasjon at Fjord1 peikar på Statens vegvesen, og Statens vegvesen peikar på Fjord1. Det er ikkje godt nok slik det er i dag på sambandet. Men vi er samd med Fjord1 om at Anda-Lote blir eir kjempebra samband frå 2018.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.