Hopp til innhold

Må ha med flaske for å gå på do

På grunn av få og dårlege handikaptoalett må rullestolbrukarar ha med flaske i bilen når dei køyrer på Vestlandet.

Toalett ved Svidalsneset i Jølster

TOALETT LANGS VEGEN: Det offentlege toalettanlegget på Svidalsneset i Jølster er eit av 28 offentlege handikaptoalett i Sogn og Fjordane.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Der det er dårleg med toalett eller toalett som ikkje er moglege å bruke, så blir løysinga å ha med flaske i bilen.

Jan Helge Oksholen sit i rullestol og har tidlegare vore med i fylkeskommunalt råd for funksjonshemma. Han meiner kvaliteten på dei handikaptoaletta som finst, er eit like stort problem som talet på dei.

Jan Helge Oksholen

FLASKE: Jan Helge Oksholen fortel at ein som rullestolbrukar må ha flaske i bilen for å vere sikker på å få gått på toalettet langs vegen.

Foto: PRIVAT

– Det som ofte er problemet er at ein ikkje kjem seg inn døra. Kjem du deg likevel inn døra, kan det i tillegg ofte vere dårleg med lys der og glatt på grunn av skitne golv. Toaletta er ofte av stål. Ramlar du, blir du liggande ei stund.

Enkle grep

I dag er det 28 offentlege handikaptoalett i Sogn og Fjordane, men mange er dårlege og vanskelege for funksjonshemma å nytte seg av. Nestleiar i Noregs Handikapforbund Nord Vest, Solfrid Fossberg meiner situasjonen kan bli betre med enkle grep.

– Mange av stadane der det er problem i dag kunne det blitt betre av enkle grep, men

Offentleg toalett ved Svidalsneset

GLATT: Glatte golv på grunn av manglande reingjering er eit av problema Oksholen har observert ved mange handikaptoalett.

Foto: Åsta Urdal / NRK

nokon må gjere den jobben. For å få til gode løysingar må ein og involvere dei som sjølv har problema.

Vil bli betre

Tone Oppedal

OVERORDNA MÅL: Oppedal fortel at betre tilrettelegging for funksjonshemma er eit av dei overordna måla til Vegvesenet.

Foto: Ole Kristian Åset

Handikaptoalett blir i dag forma ut etter retningsliner som er felles for heile landet. Desse er forma ut i samarbeid med ulike organisasjonar for funksjonshemma. Leiar for styring og strategi i Statens vegvesen region vest, Tone Oppedal, seier dei heile tida forsøker å bli betre.

– Det er ein del av toaletta som vart bygd under eldre regelverk og dei kan nok vere litt utdaterte i dag. Betre tilrettelegging for funksjonshemma er eit av dei overordna måla vi arbeider mot og det er gjort mykje dei siste åra for å betre situasjonen.

Betre enn utlandet

Tidlegare i sommar fortalde NRK om toaletttilhøva langs viktige turistruter. Då fortalde turistar om å måtte vente fire timar mellom dei offentlege toaletta. Administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen, kunne godt tenkt seg fleire offentlege toalett.

Kristian Jørgensen

VANDRING: Jørgensen meiner vandredestinasjonar som Aurlandsdalen er der det hastar mest med betre toalettfasilitetar.

Foto: PRIVAT

– Det er klart at vi gjerne skulle hatt fleire toalett langs vegane her på vestlandet, men om ein samanliknar med utlandet er det nok eit ganske godt tilbod. Eg har vore i ganske mange land og det er langt frå alle stader det er like bra som i Noreg.

– Det som kanskje er meir utfordrande er toalettsituasjonen langs vandredestinasjonane som har vakse fram. Når ein får så mange turistar som ein i dag har på Preikestolen eller i Aurlandsdalen er det problematisk dersom alle finn seg ein busk å gå på do bak.