Må ha lys for å sjå skadeomfang

Politiet hadde mildt sagt hendene fulle medan «Dagmar» herja frå seg natt til måndag. No skal det verste vere over.

Rasert campingplass i Loen

HERJINGAR: Slik vart campingplassen i Loen sjåande ut etter at Dagmar hadde herja frå seg i natt.

Foto: Ole Anton Brekke

– Vanlegvis slår uvêret inn over kysten, men dette merka vi også langt inn i Sogn, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved politiets operasjonssentral i Florø.

– Natta har vore svært hektisk. Alle naudlinjene har ringt i eitt sett, og sjølv om vi har vore oppbemanna har alle hatt rikeleg å gjere på - både for oss som sit inne og for dei som har stått på ute i uvêret, seier han.

Fjøstak vart teke av vinden

Uvêret Dagmar førte natt til måndag til store skader på Nordvestlandet og Trøndelag med vind opp i orkan styrke.

Etter alt å dømme vil skadene komme opp i fleire hundre millionar kroner. Men først når det lysnar av dag, vil ein kunne få eit betre inntrykk av vinden sine herjingar.

– I Vanylven ikkje langt over fylkesgrensa er ein fjøs sopt av grunnmuren. Delane fauk på andre hus og gjorde stor skade, seier Rimmen.

– På den andre sida av fylket forsvann taket frå eit fjøs oppe i Lærdalsdalen, seier operasjonsleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dagmar reiste med uthus i seimsdalen i Årdal

OPP NED: Dagmar reiste med dette uthuset i Seimsdalen i Årdal.

Foto: Hallvard Seim Lysne

Mange stader er utan straum

Stort sett alle vegane i Sogn og Fjordane har vore stengde på grunn av ras eller nedfall av tre i løpet av natta.

I Loen er fire-fem campingvogner blesne ut frå campingplassen og opp på vegen. Der vart dei knuste mot asfalten.

Fleire stader er framleis utan straum. Mellom desse er Florø, Vågsøy, Jølster, Naustdal, Sogndal, Balestrand, Vik og Luster. Feilen ligg i ei høgspentlinje høgt til fjells - og det kan ta lang tid før feilen er retta.

Vågsøy er i morgontimane dessutan heilt utan telefonsamband, og eit kriseteam med kommunelege, ordføraren og staben hans er i arbeid. Innbyggjarar som treng kan oppsøkje rådhuset i Måløy sentrum.

– Vi har på langt nær oversikt over alle skadene. Vi må nok vente til det lysnar, før vi ser det verkelege omfanget, seier Per Rimmen.

Vasslause i Luster

I Luster står mesteparten av husstandane i fare for snart å misse vatnet.

-Vi er avhengige av elektriske pumper for å få vatnet ut til abonnentane. Dette gjeld bygdene Gaupne, Hafslo, Indre Hafslo, Solvoren og Skjolden. Desse kan misse vatnet kva tid som helst, og bør inntil vidare bruke så lite vatn som mogleg, seier John Olav Røhme, assisterande rådmann i Luster.

-Innbyggjarane misser tilgangen på vatn når straumen går. Tyder ikkje dette på dårleg beredskap?

-Slik er det berre. Vi er no i ferd med å kople på naudaggregat, men veit ikkje kor lag tid det tek.

Det er ifølgje politiet ikkje meldt om personskader etter uvêret natt til måndag.

Alle mannskap ute under stormen Dagmar

ALLE MANNSKAP UTE: Politi og brannvesen var ute med alt tilgjengeleg mannskap. Her frå Florø.

Foto: Simon Solheim / NRK
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.