Hopp til innhold

Full fres heile søndag på Vikafjellet, men 3 km er att med seks meter snø i høgda å brøyte

Tre fresar har heile søndag vore i full sving på riksveg 13 på Vikafjellet. Det er usikkert om brøytemannskapet klarer å brøyte seg gjennom siste rest måndag og få opna fjellet.

Brøyting av Vikafjellet

FULL FRES: Brøytemannskapet har kjempa i heile dag med fem til seks meter høge brøytekantar. I løpet av natta vil brøytemannskap jobbe på spreng for å få fresa dei siste 3 kilometrane som står att.

Foto: Erling Stokkebø

SISTE: Vegvesenet opplyser måndag ettermiddag at Vikafjellet ikkje blir opna i dag.

– Det blir jobba i heile natt for å få fresa vegen.

Det seier Erling Stokkebø til NRK.no søndag kveld. Han har kjempa med snømengdene heile søndag. Kollegaer tar over jobben og jobbar vidare natt til måndag for å få brøyta det som står att før fjellet kan opne.

– Det står att om lag 3 kilometer. Men det er mykje snø. Opptil seks meter høge brøytekantar.

Brøytemannskapet håpar å komme gjennom siste rest måndag. Men då er det venta at uvêret kjem tilbake, så rådet er å vente å sjå.

(Saka held fram under biletet)

Brøyting av Vikafjellet

SOLIDE BRØYTEKANTAR: Snømengdene er store på fjellet. Brøytemannskapet har baska med opptil seks meter høge brøytekantar.

Foto: Erling Stokkebø

Mykje vêr

Fjellovergangane har siste dagane vore prega av både snø og mykje vind.

Nils Georg Settevik er ein av tre som er i full gang med å frese snøen som har lagt seg på riksveg 13 over Vikafjellet. Han seier at sjølv om vêret er bra no, så vil dei ikkje klare å opne fjellovergangen i dag.

(Saka held fram under biletet)

Brøytebil Vikafjellet

TRENG KVILE: Brøytebilen ber tydeleg preg av å ha jobba hardt med å få brøyta Vikafjellet.

Foto: Erling Stokkebø

– Eg har vore oppe her kvar einaste dag og vêret har vore så dårleg at du vil ikkje tru det. Her ligg frå ein meter til tre-fire meter med snø, og endå høgare enn det, i vegbana. Eg er redd det ligg meir når ein kjem inn på fjellet, fortel Settevik.

Stengd ei veke

To fresar på sognesida, og ein frå vossasida er no i gang med å rydde Vikafjellet for snø.

Fjellovergangen har vore stengd sidan veslejulaftan, og vil framleis vere stengd ut dagen i dag.

– Her er kolossalt med snø, og dette vil ta si tid å få opna att. Dessutan røyner det på utstyret. Vi køyrer på for livet heile døgnet no, men vil nok ikkje få dette opna til i morgon tidleg, legg Settevik til.

(Saka held fram under biletet)

Brøyting Vikafjellet

BANAR SEG VEG: Vikafjellet har vore steng sidan veslejulaftan, og det er usikkert om det blir opna måndag.

Foto: Erling Stokkebø

Bra til måndag ettermiddag

Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal har heller ikkje stor tru på at Vikafjellsvegen vil bli opna att søndag.

Ketil Molvær

VAKTOPERATØR: Ketil Molvær.

Foto: Privat

– Snøen har foke att der heile tida, så eg tvilar på at vi rekk opne før bussen kjem klokka 09 måndag, seier vaktoperatøren og legg til at det ut dagen ser bra ut for resten av fjellovergangane.

Men dei som skal over bør også nytte høve til å køyre over før det blir for seint.

– Det er gode meldingar fram til måndag ettermiddag. Då blir det vind og nedbør att. Så vi trur det skal gå greitt i dag og føremiddag måndag, seier han.

Sjeldan lang kolonne

Bra var det derimot ikkje over Hemsedalsfjellet laurdag. Her var det kolonnekøyring i over eitt døgn. Frå 27. desember klokka 13 til 28. desember klokka 17.15.

– Det er ei sjeldan lang kolonnekøyring for å vere Hemsedalsfjellet. Då var vi også inne med doble kolonner og fire brøytebilar ei stund. Ventetida var i alle fall godt over fire timar på det verste, seier Molvær.

– Vi fekk aldri melding om at det var fare for stenging, men i slike vêrforhold er det svært varierande. Om det roar seg ein halvtime, så er det ikkje berre å setje trafikken på, seier han.

Styrt avvikling

Vinterføre var det også over Filefjell. Her var det lenge styrt trafikkavvikling til Smedalsosen.

– Filefjellet var eigentleg godt nok til å halde ope, men av erfaring så hadde vi styrt trafikkavvikling med ventetid på ein time. Det er tryggast, og ein har betre kontroll på trafikken, seier Molvær.

– Det er betre med ein time ventetid, enn fleire timar venting på grunn av bilberging. Erfaringsmessig køyrer vogntog seg faste om ein slepp dei fritt inn på fjellet, legg han til.