Hopp til innhold

Må forklare seg om alvorleg svikt

Fylkesrådmannen, økonomisjefen og innkjøpssjefen i fylkeskommunen må forklare seg om omfattande svikt i innkjøpsrutinar på eit møte i Kontrollutvalet i byrjinga av april.

Tore Eriksen

HARDT VÊR: Fylkesrådmann Tore Eriksen er igjen i hardt vêr i samband med offentlege innkjøp. I 2016 vart det reist mistillit mot Eriksen i samband med at fylkeskommunen braut Lov om offentlege innkjøp. No må han svare på kritiske spørsmål i Kontrollutvalet.

Foto: Oskar Andersen

– Dette er ei veldig alvorleg sak der det manglar mange svar. Difor har vi bestemt oss for å kalle inn både fylkesrådmannen, økonomisjefen og innkjøpssjefen, seier leiaren i Kontrollutvalet i fylkeskommunen, Frank Willy Djuvik (Frp).

– Ein har visst at ein ikkje har hatt rutinane på plass og ein har visst at ein ikkje har hatt kapasitet til å handtere innkjøpsarbeidet innanfor regelverket. Korleis kunne dette skje utan at nokon tok tak i det og utan at politikarane vart informerte, spør Djuvik.

Atter ein gong er fylkesrådmann Tore Eriksen i hardt vêr i samband med offentlege innkjøp. I oktober 2016 berga han seg så vidt gjennom eit mistillitsframlegg, etter at det vart slått fast at fylkeskommunen braut Lov om offentlege innkjøp i samband med Fjord1-salet. Utan at oppdraget vart lyst ut på anbod og i strid med regelverket, fekk eit advokatfirma om lag 20 millionar kroner for å hjelpe fylkeskommunen med å selje ferjeselskapet.

Frank Willy Djuvik

KRITISK: Den omfattande svikten i dei fylkeskommunale innkjøpsrutinane er veldig alvorleg, seier leiaren i Kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Mangelfull konkurranseutsetjing i åtte innkjøp

Denne gongen er det i ein forvaltningsrevisjon utført av selskapet Deloitte i tidsrommet 1. desember 2015 til 31. mars 2017 at det blir avdekt omfattande svikt og fleire regelbrot i det fylkeskommunale innkjøpsarbeidet. Av totalt 26 anskaffingar finn revisjonen manglande konkurranseutsetjing i åtte av dei. Det var manglande dokumentasjon i ni anskaffingar.

Meiner tilbydar vart avvist på ulovleg grunnlag

For fire av dei utvalde anskaffingane har revisjonen gått gjennom heile prosessen, frå innhenting av tilbod til kontraktstildeling. Revisjonen finn at tre av dei fire anskaffingane ikkje har vore gjennomført i samsvar med regelverket. I den eine anskaffinga er ein tilbydar avvist på ulovleg grunnlag, går det fram i rapporten.

«Fylkeskommunen bryt med fleire av dei grunnleggande prinsippa for offentlege anskaffingar», heiter det.

Det blir også vist til at rutinane mot sosial dumping ikkje alltid blir følgt opp i det faktiske innkjøpsarbeidet. Dette aukar risikoen for at leverandørar har høve til å drive med sosial dumping, går det fram i rapporten.

Frank Willy Djuvik, Hilmar Høl og Tore Eriksen.

INN På TEPPET: Fylkesrådmann Tore Eriksen (t.h.) må svare på fleire kritiske spørsmål om fylkeskommunen sine innkjøpsrutinar frå leiaren i Kontrollutvalet i fylkeskommunen, Frank Willy Djuvik (t.v.). I midten ser vi fylkespolitikar Hilmar Høl (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Meiner resultata kan skuldast «uflaks»

Fylkesrådmann Tore Eriksen ønskjer ikkje å stille til intervju med NRK, men i ein høyringsuttale i samband med Deloitte-rapporten viser han til at Deloitte baserer fleire av konklusjonane sine på ei stikkprøvetaking av eit utval i rekneskapen.

«Ein stikkprøvekontroll kan antyde at noko er systematisk feil, men det kan også liggje «uflaks» eller tilfeldigheiter til grunn», heiter det. Fylkesrådmannen saknar også ei vurdering av vesentlegheit i rapporten.

Tilrår ei rekkje forbetringstiltak

Deloitte tilrår mellom anna følgjande forbetringstiltak:

  • Syte for at innkjøpsrutinar er enkelt tilgjengeleg
  • Innføre meir treffsikre rutinar for å avdekkje regelbrot
  • Innarbeide nye krav mot sosial dumping
  • Gjere naudsynte tiltak for å unngå ulovlege innkjøp

Fylkesrådmannen viser til at forbetringstiltak er under utarbeiding. Nokre er enkle å gjennomføre, medan andre er svært arbeidskrevjande, hevdar han.