NRK Meny
Normal

Må forklare seg om konsulentutlegg

Fylkesrådmannen må skriftleg forklare overfor kontrollutvalet i fylkeskommunen kvifor han har betalt ut over 300.000 kroner til Fjord1-konsulentane utan å krevje innsyn i bilag.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Føllling

Fylkesrådmann Tore Eriksen må forklare seg overfor kontrollutvalet.

Foto: Bård Siem / NRK

– På bakgrunn av avsløringane i NRK om at det er betalt ut over 300.000 kroner utan kontroll i bilag, har vi bestemt oss for å sjå på saka, seier Frank Willy Djuvik, leiar i kontrollutvalet i fylkeskommunen.

Utan å krevje innsyn i bilag, har fylkeskommunen punga ut over 300.000 kroner til konsulentane. Dette er for utgifter konsulentane skal ha lagt ut i samband med rådgjeving i Fjord1-saka. I fakturaspesifikasjonane går det fram at utlegga omfattar mellom anna flyreiser og servering. Men ingen bilag er lagde ved, så det er uråd å kontrollere kva pengane verkeleg har gått med til.

Frank Willy Djuvik avsluttande valdebatt 2015

– Vi må vite kva fylkeskommunen sine pengar har vorte brukt til av konsulentane, seier Frank Willy Djuvik (Frp), leiar i kontrollutvalet i fylkeskommunen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Avviser kritikken

Fylkesrådmannen Tore Eriksen vil ikkje kommentere saka ytterlegare etter at det vart kjent at kontrollutvalet har gått inn i saka. Men Eriksen presiserte tidlegare i dag at han ikkje tek sjølvkritikk. Han viste til at praksisen med ikkje å krevje innsyn i bilag er fullt lovleg og godkjend av fylkeskommunen sin revisor.

Fylkeskommunen sin framgangsmåte er uryddig og pinleg.

Stein Malkenes

Stein Malkenes, gruppeleiar for Miljøpartiet dei grøne i fylkestinget, meiner det er grunn til å reagere sjølv om praksisen med ikkje å krevje bilag er godkjent av revisor.

– Sjølvsagt er ikkje dette godt nok. Vi må krevje at fylkesrådmannen legg fram eit fullstendig prosjektrekneskap der alle utbetalingane til konsulentane med bilag blir lagd fram, seier han.

Stein Malkenes
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Heller ikkje Hilmar Høl, fylkesleiar i Arbeidarpartiet, har sans for fylkesrådmannen sin praksis.

– Når ein krev refusjon for utlegg, er det vanleg praksis at ein legg fram bilag. Dette må også gjelde når fylkeskommunen pungar ut, seier han.

Må lage skriftleg orientering

I kontrollutvalet sit brev til fylkesrådmannen heiter det mellom anna:

"På bakgrunn av opplysningar som er framkomne i media, knytt til utbetalingar til Wiersholm og DHT Corporate i samband med salsprosessen av aksjane i Fjord1, så vil kontrollutvalet på sitt neste møte gjere ei vurdering av om ein skal opprette ei kontrollsak.

Med det utgangspunktet ber kontrollutvalet om at rådmannen gjer ei skriftleg orientering om utbetalingane til Wiersholm og DHT Corporate, og kva rutinar ein har hatt knytt til attestering av fakturaer.

Vi ber og om at fylkesrådmannen gjev kontrollutvalet tilgang på avtalene mellom Fylkeskommunen og Wiersholm/DHT, og alle utbetalte rekningar med bilag, i samband med Fjord1-prosessen".

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.