Hopp til innhold

Må førebu ny krangel om Fjord1-saka rett før julefeiringa

HERMANSVERK (NRK): Fylkestinget blir samla til ekstraordinært møte den 18. desember for å diskutere om Fjord1-salet til Torghatten var lovleg fatta. Fylkesrådmann Tore Eriksen får no ein stor jobb med å førebu seg til møtet.

Tore Eriksen fylkesrådmann

BLEI IRRITERT: Fylkesrådmann Tore Eriksen var synleg irritert på fleire av politikarane i fylkesutvalet under møtet måndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter mykje diskusjon fram og tilbake, blei fylkesutvalet i dag samde om at det blir ekstraordinært fylkesting siste fredagen før jul.

Eit mindretal i fylkestinget har kravd såkalla lovlegkontroll av vedtaket om å selje Fjord1-aksjane til Torghatten. No får dei sjansen til ein ny diskusjon om den vanskelege og pikante saka.

Skeptisk til rådgjevarane

Både Hilmar Høl (Ap) og Gunhild Berge Stang (V) sa tydeleg at fylkesrådmannen burde vurdere å ikkje bruke dei innleigde og omstridde rådgjevarane i saksførebuinga til dette ekstraordinære møtet i fylkestinget.

Dette lét til å irritere fylkesrådmann Tore Eriksen grundig. Han peika på at han som fylkesrådmann sjølv avgjer kven han brukar til å greie ut saker.

– Eg synest ikkje det er ein fruktbar debatt. Det bør vi berre slutte med, sa Eriksen.

Fylkesrådmannen la også vekt på at han, etter eige utsegn, pressar sine medarbeidarar hardt for å få saka ferdig så raskt som råd er.

Rådgjevarar på Fylkesutvalet

HEMMELEGE: Inge Ekker Bartnes, Odd Solheim og Torjus Stalleland er fylkeskommunen sine konsulentar i Fjord1-saka. Inntil nyleg ville dei ikkje ein gong seie namnet sitt til presse og publikum.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Venstre held på sin kritikk

Berge Stang i Venstre held likevel på sitt syn om at andre no burde kome inn og vurdere heile saka før fylkestinget får høve til å diskutere lovlegkontrollen rett før jul.

– Vi fremja jo for sist fylkesting at vi ønskte ein uhilda gjennomgang av både prosessen og det økonomiske perspektivet i saka. Når vi ikkje fekk gjennomslag for det, så meiner vi det ville vere ein stor fordel med ein prosess når det gjeld lovlegkontrollen som skapar brei tillit.

– Burde det vore leigd inn nye konsulentar til å vurdere dei tidlegare konsulentane sitt arbeid?

– Eg trur det ville vore fornuftig, og det er ikkje første gong i kjøpsprosessar at ein har eit konsulentselskap som forhandlar fram noko, og så leiger ein inn andre til å vurdere om det som er forhandla fram er godt nok, seier Berge Stang.