Hopp til innhold

Må flislegge heile bassenget på nytt

SANDANE (NRK): Flisene skulle halde i 30 år, men vel tre år etter opninga losna dei. No må Trivselshagen gjennom store utskiftingar.

Det vart brått utrivsel i trivselshagen på Sandane då fliser begynnte å løsne i bassenget. Berre tre og eit halvt år etter åpninga er skandalen eit faktum, nesten alle flisene må skiftast.

STORE UTFORDRINGAR: Trivselshagen får neppe opna bassenga sine før tidlegast mot sommaren. (Foto/redigering: Steinar Lote/Arne Stubhaug)

I haust oppdaga Trivselshagen på Sandane at flisene i bassenget var begynt å losne, og dei måtte stengje dørene. Det var Firda Tidend som først omtalte saka.

No er vatnet tappa ut for å kartlegge omfanget.

– Det er stort. Det er nesten ikkje råd å seie meir enn det. Så det er veldig trasig, seier dagleg leiar ved Trivselshagen, Anniken Rygg.

– Veldig trasig

Dette skjer berre i overkant av tre år etter at bassenget opna. Rygg vedgår at slikt ikkje skal skje.

Anniken Rygg - Trivselshagen

TRASIG: Anniken Rygg seier det heile er trasig.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er veldig trasig, først og fremst for brukarane våre, skular, fysioterapitenesta og allmenta elles. Det er eit basseng som har vore brukt av mange. Det har vore veldig populært, ikkje berre i Gloppen, men i heile regionen.

Dei har hyra inn konsulentfirmaet SINTEF som har gjort byggtekniske vurderingar av årsakssamanheng og omfang. Rådet deira er like nedtrykkande som det er klart.

– Det er at vi meir eller mindre startar på nytt med flislegginga, går ned til råbetongen, får alt vekk alt det gamle og byggjer opp det nye, fortel Rygg.

Trur våren går med

I tillegg til flisene som losna, fortel Rygg om takplater som også har losna. Når bassenget kan opne igjen er førebels usikkert, men den daglege leiaren trur våren går med.

– Det er store område, eg har ikkje noko kostnadsoverslag, men det er ikkje utenkeleg at det blir kostbart, seier Rygg.

Ho vedgår at dei handterer saka som ei reklamasjonssak mot entreprenøren som utførte arbeidet for over tre år sidan. Men entreprenøren, Veidekke, vil ikkje kommentere saka medan den framleis er under behandling.

Trivselshagen basseng

MYKJE ARBEID: Det er mykje som må rettast opp i før bassenga kan opnast.

Foto: Steinar Lote / NRK