Må fengsel for underslag
Ein mann i 40 åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i to år etter underslag av kring åtte millionar kroner i samband med bilhandel. Seks månadar av dommen er på vilkår med ei prøvetid på tre år. Retten meiner at mannen har utnytta tilliten til både arbeidsgjevar og kundar i verksemda der han underslo pengar.