NRK Meny

Må fem månader i fengsel

Ein sunnfjording i 30-åra er dømd til fengsel i fem månader for ei lang rekkje ukvemsord, truslar og vald mot både vakter og politibetjentar i Florø i august i fjor. I oktober vart han teken på fersken då han stal øl frå ein butikk i kystbyen. Mannen erkjende alle forhold i Fjordane tingrett. 38 dagar varetekt kjem til frådrag i straffa.