Her har dei målt temperaturar på 250 grader – fire dagar etter brannen

Brannvesenet fryktar det kan gå lang tid før dei får ned temperaturen i jorda i området ved Holvik i Vågsøy. Torsdag kveld flyg eit skogbrannhelikopter i skytteltrafikk over området.

Brannvesenet måler temperaturar i bakken med varmesøkande kamera

TEMPERATUREN MÅ NED: Brannmannskapet har målt temperaturar opp i 250 grader i området.

Foto: Kriken, Vågsøy brann og redning

Planen er å sleppe ned 100 posar med vatn, der kvar pose er på 800 liter.

– Dette tek tid. Vi må berre smørje oss med tolmod og ta ein dag av gongen, seier varabrannsjef John-Inge Henden i Vågsøy brannvesen i 21-tida torsdag kveld.

Det er svært stor skogbrannfare i Sør-Norge på grunn av ein lang periode med tørt og varmt vêr. Utan betydeleg med regnvêr, vil ikkje situasjonen forandre seg med det første.

Søndag kveld brukte brannvesenet fleire timar på å få kontroll på ein brann i terrenget i området ved Holvik i Vågsøy. Då dei til slutt fekk kontroll rett før midnatt, var mellom 160 og 200 mål med skog svidd av.

I ettermiddag fekk Alarmsentralen fleire meldingar om røykutvikling i det same området. Då brannvesenet i ettermiddag kom seg opp i terrenget, oppdaga dei opna flammar, som dei fekk raskt kontroll på.

– Men det er forferdeleg tørt og veldig, veldig varmt i bakken. Vi snakkar om temperaturar på mellom 150 og 250 grader enkelte plassar, seier han.

Skogbrannhelikopter i skytteltrafikk fram til midnatt

Med så høg temperatur i bakken vil det i praksis seie at brannen ligg under overflata og ulmar. Dermed er det stor fare for at brannen vil blusse opp att for alvor, om brannvesenet ikkje klarer å få ned temperaturen i jorda.

– Skogbrannhelikopteret kjem til å dynke området med kanskje 100 slepp i løpet av kvelden. Planen er at det vil halde på fram til midnatt, forklarar Henden.

Posen under helikopteret tek 800 liter med vatn kvar gong, noko som betyr at det i løpet av timar vil bli dynka 80.000 liter vatn over området.

– Vi må prøve å få bløytt opp jorda mest mogleg, seier Henden og legg til:

– Vi kan ikkje gje oss no, vi må få sett ein stoppar for dette.

Brann i terrenget ved Holvik i Vågsøy

MÅ VENDE PÅ SKOGGRUNNEN: Brannmannskapa må fysisk snu og vende på grunnen i skogen for å lufte ut den veldige varmen som ligg i bakken.

Foto: Kriken, Vågsøy brann og redning

Får hjelp frå andre kommunar

Varabrannsjefen er tydeleg på at bebuarar i området skal kjenne seg trygge og seier brannvesenet no har kontroll på situasjonen. Samtidig understrekar han at dei må halde fram arbeidet i området, kanskje i fleire dagar framover.

– Mannskapet er slitne, for dette tappar på kreftene. Vi har bede om hjelp frå andre brannvesen, og har også dialog med Sivilforsvaret.

Vaktleiar Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen seier torsdag kveld at dei jobbar med å kalle ut eit vaktlag frå Florø som kan hjelpe til i området utover kvelden og natta.

Henden opplyser i 23-tida torsdag kveld at dei også fredag vil halde fram med å dynke området med vatn frå skogbrannhelikopteret.

Skogbrann Holvik

MÅ DYNKE OMRÅDE MED VATN: Eit brannhelikopter jobbar torsdag kveld med å dynke området med vatn, i håp om å hindre at brannen blussar opp att.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK